Hopp til innhold
X
Innhald

Christoffer Johannes Hammer

Christoffer Johannes Hammer.

Christoffer Johannes Hammer.

Christoffer Johannes Hammer (1759-1823) Fødd på Toten. Offiser og generalvegmeister i Bergen. Vart sekondløytnant 1784 og 1786 premierløytnant og vegmeister i Kristiansand Stift.

I denne stillinga tok han til fange bondeopprøraren Christian Lofthus, og vart for det løna med majors grad. Men arrestasjonen av bondehelten gjorde han så upopulær på Sørlandet at han måtte flytte til Bergen i 1787, der han vart generalvegmeister i Bergen Stift.

Han vart oberstløytnant i 1801, og auksjonsdirektør i 1812. I embetet som generalvegmeister maste Hammer heile tida om pengar til utbetring av den gamle ferdslevegen over Filefjell og Lærdal. I hans tid vart vegen lagt om i dei fårlege fjellpartia Galdane og Vindhella, slik at vegen i 1793 vart køyrande med hest og kjerre.

Men Chr. Hammer var ein forfengeleg «generalvegmeister»: Til minne om seg sjølv fekk han i 1797 reist ei minnestøtte på høgste punktet over Filefjell. Den store marmorsteinen vart frakta heilt frå Danmark, og utlegga til minnesmerke drog avgarde med ein stor del av vegløyvingane. Den merkelege støtta står framleis ved den gamle Kongevegen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011