Hopp til innhold
X
Innhald

Claus Pedersøn Rumohr

Claus Pedersøn Rumohr (1632-1707) frå Bergen, busett på Rikheim. Han vart overtollforvaltar i Bergen i 1663. Fekk borgarbrev og reiste til Lærdalsøyri og starta som gjestgjevar.

I 1665 overtok han storgarden Rikheim på Ljøsne og var stedfortredar for futen i Sogn i nokre år.

I 1685 fekk han handelsprivileuium og starta handel på Lærdalsøyri. I tillegg til Rikheim, fekk han kontroll over store jordeigedomar elles i dalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008