Hopp til innhold
X
Innhald

Claus von Munthe av Morgenstierne Pederson Rumohr

Claus von Munthe av Morgenstierne Pederson Rumohr (1770-1831) frå Rikheim. Storbonde, offiser og lensmann.

Eigar av Storgarden Rikheim. Var ein av leiarane for straffeekspedisjonen som kongen sende mot lærdølene i 1802 då dei nekta å gjere militærteneste i tillegg til det harde pliktarbeidet på Kongevegen (sjå: «Filefjell - hovedvegen aust-vest»). Starta 1825 gjestgiveri på Rikheim, og teikna og bygde hovudhuset i 1826. Vart seinare kaptein og sjef for ei nyskipa borgarvæpning (sjå: «Krigshistoria i Lærdal».)

Han hadde stor interesse for landbruk, og var medlem av «Det Nyttige Selskab» i Bergen, forløparen til Norges Vel. Han var gift med Marie Lem frå Frønningen. Dei var barnlause, og med hennar godkjenning fekk han to barn med ei jente frå Tønjum, som seinare også fekk flytte til Rikheim. Far til Jan Rumohr.

Sjå:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008