Hopp til innhold
X
Innhald

Dagfinn Hegg Lunde

Dagfinn Hegg Lunde fødd 1951 i Borgund. Bonde og idrettsmann.

Dagfinn Hegg Lunde fødd 1951 i Borgund. Bonde og idrettsmann.

Han var aktiv i langrenn og skiskyting frå 1967, og var i mange år den fremste skiskyttaren frå fylket. Har ei rad fylkes- og vestlandsmeister-titlar.

Han vart norsk meister i skifeltkyting i 1985 og fekk Kongepokalen, og bronse i same grein i 1978.

Hegg Lunde har saman med Oddkjell Bosheim registrert det gamle vetesystemet på fjella i Indre Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011