Hopp til innhold
X
Innhald

Dei eldste postrutene

Postskyss over Filefjellet. Teikning frå tidleg på 1800-talet av W. M. Carpelan. Fjellet i bakgrunnen skal vere Suletind, sjølv om Carpelan har gjort det vesentleg meir dramatisk enn det er.

Postskyss over Filefjellet. Teikning frå tidleg på 1800-talet av W. M. Carpelan. Fjellet i bakgrunnen skal vere Suletind, sjølv om Carpelan har gjort det vesentleg meir dramatisk enn det er.

Det norske Postverket, med faste postruter, vart organisert i 1647. Hovudruta for post mellom Oslo og Bergen gjekk frå det året etter ruta Valdres-Filefjell-Lærdal-Gudvangen-Voss-Bergen. Frå starten av det kongelege Årdal Koparverk i 1702 gjekk det postbod frå denne hovudruta frå Lærdalsøyri og inn til koparverket i Øvre Årdal. - Les meir om Årdal Koparverk under Årdal kommune.

Postførarar og postroarar

På Lærdalsøyri var det gardbrukarane på Øye og Stødno som m.a. hadde arbeid som postroarar mellom Lærdal og Styvi i Nærøyfjorden, og som postførarar oppover dalen. Når meinisen la seg i Nærøyfjorden måtte posten bærast ut med fjorden til isfritt vatn før ein kunne ro til Lærdal. Oppover Lærdal og over Filefjellet var det "postskifte" med postryttarar på Ljøsne, Eråker/Bjåråker, Borlaug, Maristova og Nystova oppe på fjellet. tderfrå gjekk posten til Øye i Valdres.

Knut K. Forthun er ein av dei som køyrde post mellom Lærdal og Austlandet.

Knut K. Forthun er ein av dei som køyrde post mellom Lærdal og Austlandet.

I 1837 vart det tilsett væpna postførarar i staden for den gamle ordninga med postbønder. Det var nemleg ikkje fritt for at røvarar låg på lur og rana verdiposten frå dei verjelause postbøndene.

Over til post med jernbane

Jernbana vart bygd fram til innsjøen Krøderen i 1860. Derfrå gjekk ferdsla med dampskip opp vatnet til Gulsvi og vidare opp Hallingdal. Dermed vart det enklare å føre posten mellom Oslo og Bergen over Hemsedalsfjellet i staden over Filefjell og Valdres, og Filefjell-Valdres- ruta lagd ned som hovudpostrute. Men hovudruta for posten mellom Aust- og Vestlandet gjekk likevel gjennom Lærdal heilt til Bergensbana opna i 1909. Frå 1920-talet tok eit eige postbilselskap seg av posttransporten frå Lærdal og over fjellet mot Austlandet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011