Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første dampbåtrutene

”Bjørgvin” var det første skipet på postruta frå 1839.

”Bjørgvin” var det første skipet på postruta frå 1839.

Ei av dei første dampskipsrutene i Noreg starta mellom Bergen og Lærdalsøyri i 1839. Dette var ei statsdriva postrute.

Dei første åra gjekk det privateigde dampskipet «Bjørgvin», til Noregs første dampskip, hjuldamparen «Constitutionen» tok over frå 1843. Den var eigd av Staten. Men ruta vart stoppa etter kort tid, og i fleire år måtte ein ty til den gamle postordninga - dvs. landevegen frå Voss til Gudvangen, og robåt derfrå til Lærdalsøyri.

Ein freistnad på å skipe nytt dampbåtreiarlag i Bergen i 1848 mislukkast. I åra som fylgde var det berre sporadisk trafikk på Lærdal og resten av Sogn med dampbåtane «Bjørgvin», «Trafik» og «Patriot». Bergensinteressene som stod bak, var no meir opptekne av utanriksruter og kystrutene, og skipa sitt eige Bergenske Damskipsselskab i 1851.

”Constitutionen” gjekk i postruta mellom Bergen og Lærdalsøyri frå 1843.

”Constitutionen” gjekk i postruta mellom Bergen og Lærdalsøyri frå 1843.

I 1857 vedtok Stortinget å slutte med dei statsdrivne båtrutene. I staden skulle Staten no yte tilskot til private selskap som ville prøve seg. I Sogn og Fjordane skulle dette føre til skipinga av Nordre Bergenhus Amtsbaater - eller Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Les også om Lunden som første stoppestad

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2011