Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første handlande på Lærdalsøyri

Lærdalsøyri. Stikk frå ca. 1860.

Lærdalsøyri. Stikk frå ca. 1860.

Heilt sidan mellomalderen har Lærdalsøyri vore ein av dei viktigaste stadane for varebyte mellom kystfolket på Vestlandet og folk på austsida av Filefjell. Kjøpmenn som dreiv handel på Lærdalsøyri, var mellom dei rikaste i Sogn.

Den årlege Lærdalsmarknaden har eksistert heilt sidan 1500-talet, og marknaden kan du lese meir om i større artiklar under kapitlet Historie. Hovudløpet på Lærdalselvi gjekk fram til midten av 1800-talet mykje lengre sør enn i dag, og det var ved den gamle elveosen at tettstaden voks fram. For 200 år sidan var det mogeleg å segle med jekter heilt opp under tettstaden, og ein stor del av området vart tidleg lagt ut som almenning som m.a. vart nytta som stabelplass for varer som skulle inn og ut av bygda. Her vart det bygd ei mengd sjøbuer og naust.

Prest var handelsmann

Så tidleg som i 1643 finn vi at presten Tomas Willumsen tok borgarskap i Bergen og dreiv handel - truleg ein trelasthandel – på Lærdalsøyri. Også Anders Jakobson Dischington som løyste borgarbrev i 1673, dreiv truleg med trelasthandel der.

Bergensarar var første handelsmennene

Kring 1648 vart bergensaren Petter Kramer gjestgjevar på Lærdalsøyri. Mest sannsynleg dreiv Kramer også ei krambu, for rettsbøkene viser at han kom i krangel med ei ”Madam van der Felde” – Johanne van der Felde, og ”Lauritz styrmann” – Lauritz Siffursen, om handel og skjenking på Lærdalsøyri. Både madammen og styrmannen hadde borgarbrev i Bergen, og begge vart pålagde å flytte aktivitetane sine bort frå Lærdalsøyri. Handelsmann Petter Kramer er elles nemnd som ”stovemann” og styrar på Maristova i 1673, og truleg var det då han overlet handelsverksemda si på Lærdaløyri til andre.

Hjermann-folket kom som gjestgjevarar

Peder Nilsson Hjermann frå Bergen (sjå elles eigen artikkel om garden Stødno) tok i 1673 over som gjestgjevar og truleg også som handelsmann på Lærdalsøyri, og i 1689 fekk han også kjøpe eigedomane der av Kramer. Med på kjøpet fylgde mange hus, fleire store naust og mykje jordveg på sørsida av Lærdalselvi. Også fiskeretten på sørsida av elva fylgde med. Sonen Nils Pederson Hjermann (1673-1713) overtok som gjestgjevar og kremmar etter faren. Han vart gift to gonger, og då han sjølv døydde i 1713, vart enkja Margrete oppattgift med prestesonen Hans Hansson Urdahl frå Aurland.

Hess kom frå Slinde

Hess kom frå Slinde

Men på denne tida har truleg mannen som dreiv handel i Lunden ved Slinde, Jens Nilsson Hess, teke opp handel på Lærdalsøyri. Mykje kan tyde på at Nils Pederson Hjermann hadde nok med å drive gjestgiveriet, og late handelsprivilegiet gå over til Jens Hess. I 1705 heiter det nemleg om Hess at han gifta seg opp att og flytta frå Lunden til Lærdalsøyri for å drive handel der. I 1723 kjøpte Hess også den verdfulle oppgangssaga i Erdal (sjå eigen artikkel: Sagbruket i Erdal.) saman med faren, Nils Jensson Thisted. Sonen til Jens Hess, Nils Jensson Hess, skaffa seg handelsbrev i 1746 og heldt fram som handelsmann etter faren. Nils Pederson Hjermann på si side styrde gjestgiveriet på Lærdalsøyri til 1746, då Mathias Atche Testrup tok over. I 1753 tok sonen til Jens Nilsson Hess, Søren Nilsson Hess, over som gjestgjevar. Søren fekk også handelsprivilegium i 1769.

Godseigaren vart vertshushaldar

Rikfolket på det store Frønningen-godset prøvde seg også med handel på Lærdalsøyri: Då Søren Nilsson Hess døydde i 1772 var det nemleg arvingen til Frønningen-godset, Hans Hansson Lem d.y. (1751-1807), som fekk kongeleg løyve til å drive handelen og gjestgiveriet på Lærdalsøyri. På denne tida eigde kremmaren ni store hus og naust på Lærdalsøyri , i tilleg til jordeigardomane og lakseretten i elva.

Søkkrik butikkbetjent vart godseigar

Hans Lem tok over godset på Frønningen i 1794 og flytta dit. Han overlet til butikkbetjenten sin, Lars Mattison Hille (sjå denne – Stryn kommune) frå Innvik i Nordfjord å drive butikken på Lærdalsøyri. I 1801 overtok Hille like godt heile handelen for 6.000 riksdalar av Hans Lem og fekk samstundes borgarbrev.

Trykte eigne pengesetlar

Lars Hille vart svært rik på handelen på Lærdalsøyri. Det vert fortalt at han var ein av dei få som på den tida fekk lov til å trykkje sine eigne pengesetlar mot å dokumentere at det låg reelle verdiar bak setlane. Men så kom nedgangstidene med Napoleons-krigane, og kring 1810 tapte Hille mykje av formuen. Han hadde likevel så mykje att at han slutta med handel i Lærdal og kjøpte i staden ”Fresvik-godset” med ni gardar som høyrde til. Same året kjøpte han også oberst Tomas Meidell sine eigedomar i Fresvik for 8.400 riksdalar og busette seg i Fresvik. - Les meir om Fresvik-godset under Vik kommune.

Jan Henrik Nitter Hansen

Jan Henrik Nitter Hansen

Den som tok over gjestgjevarstaden og handelen på Lærdaløyri etter Hille, var Tøger Hanssen Sønnesyn frå Hafslo. Han var gift med Maren Nitter som kom frå velståande folk som dreiv handel på Røneid og i Luster. Tøger og Maren fekk 10 born, og det vart den nest eldste i barneflokken, Jan Henrik Nitter Hansen som tok over i 1829, og som kom til å verte ein av dei mest velståande og mektige handelsmennene i Sogn på 1800-talet. Nitter Hansen var også sparebankdirektør og ordførar i Lærdal 1844-1845 og 1848-1857. På 1830-talet fekk han til og med løyve til å brenne sitt eige brennevin for sal i skjenkestova på gjestgiveriet. Nitter Hansen kjøpte seglskuter og dreiv handel mellom Lofoten og landa kring Østersjøen, og saman med amtmann Aubert stilte han seg i spissen for å få skipa Nordre Bergenhus Amts Baade – Fylkesbaatane – i 1857. Eit stykke unna tettstaden bygde han seg eit stort herskapshus som sidan har vorte kalla ”Hansegarden” og som er omtala i eigen artikkel.

Hansen-folket vart Ravn

Det vart den eldste sonen, Tørger Ravn Jan Henriksom Hansen (f. 1850), som tok over og dreiv handelen på Læralsøyri vidare. Han var elles ordførar i Lærdal i til saman 14 år. Han selde seg etter kvart ut av både handel og gardsdrift i Lærdal og flytta til Austlandet med familien.

Fleire handelsmenn på Lærdalsøyri

I tilleg til denne ”arverekkja” av eigarar kring gjestgiveriet og handelen der, skaffa også Peder Eriksen Klingenberg (1694-1749) seg borgarbrev og dreiv handel på Lærdalsøyri i første halvdel av 1700-talet. (Sonen til Peder rømde og levde som fredlaus etter eit kvivdrap i Valdres i 1769 ( sjå Kriminalsoger). Peder Klingenberg tuska også med litt brennvinssal og vart stemd for retten av gjestgjevaren Tendrup. Det same hende med ein annan handlande, Hans Larsson Wangensteen, som dreiv med ølskjenking utan løyve. To andre som er omtala som handelsmenn på Lærdalsøyri tidleg på 1800-talet, var Fredrik Johan Ellertsen og Jakob Svendsen. - Sjå elles artiklar om Mathias Jordan og artikkelen: Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm.

Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011