Hopp til innhold
X
Innhald

Distriktslege i Lærdal frå 1837

Dette huset fekk namnet Dokterbustaden etter at distriktslege M. Istad kjøpte det. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette huset fekk namnet Dokterbustaden etter at distriktslege M. Istad kjøpte det. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første ordninga med distriktslegar i Sogn og Fjordane vart organisert i 1802. Den eine, Christian Bonning Uchermann, busette seg på Faleide i indre Nordfjord og skulle derfrå ha ansvaret for Nordfjord, Sunnfjord og delar av Hyllestad og Solund i ytre Sogn. Resten av Sogn fekk ikkje distriktslege før i 1819 då kirurg Theodorius Leopoldus Brinchen tok stillinga og busette seg i Sogndal. Brinchen arbeidde som lege i Sogn heilt til distriktet vart delt i 1836.

Dr. M. Istad frå Christiania overtok då indre Sogn. Han busette seg på Brattegjerdet like aust for Lærdalsøyri, og sidan har det vore distriktslege i Lærdal. (J.W. Aall som hadde ytre Sogn, busette seg i Vik.)

I 1857 fekk fylket åtte legedistrikt, og distriktslegen i Lærdal fekk frå den tid ansvaret for Lærdal, Borgund, Årdal og Aurland, samt Tingastad og Frønningen som då høyrde til Leikanger kommune. Like etter hundreårsskiftet ordna Aurland kommune seg med ein kommunalt løna distriktslege.

Johan Ludwig Møinichen (1838-1915) frå Trondheim var distriktslege i Lærdal frå kring 1876 til 1904. Han var den første som tok opp tanken om å få bygd sjukehus i Lærdal. Den første som vart tilsett formelt som amtslege – fylkeslege - i Sogn og Fjordane, var distriktslege Møinichen i Lærdal. Han fungerte i stillinga frå 1891 til 1904.

Etterfylgjaren Einar Andersen frå Ringsaker, som var distriktslege i Lærdal frå 1904 til 1912, engasjerte seg også i sjukehussaka. Han vart også ein av dei hardaste riksmålsforkjemparane i den harde målstriden som rasa i Lærdal på den tida. – Les meir om målstriden under kapitlet: Skular.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009