Hopp til innhold
X
Innhald

Dramatisk bjørnejakt ved Vindhella

Ein gong på 1800-talet gjorde ei binne med to halvvaksne ungar stor skade på bufé fleire stader i Lærdal.
Då denne bjørnen vart observert i Skjær, drog fleire karar til fjells for å få has på udyret. Nokre skulle jage, andre skyte. I eit bratt snar oppdaga Ola Solbakken binna ovanfor seg og skaut. Ein gamal regel seier at det kan vere livsfarleg å skyte på ein bjørn som står høgre i terrenget enn skyttaren. Vert bjørnen såra då, går den lynraskt til åtak. No kom den såra bjørnen rullande som eit nyste nedover mot Ola, som freista å kome seg unna. Då bjørnen berre var meteren frå Ola, greidde ein annan på jaktlaget å skyte bamsen gjennom hovudet. Men før den segna slo bamsen etter Ola, men utan å råke.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018