Hopp til innhold
X
Innhald

Engelskkurs for turistnæringa

Annonse for turistskyssinga til Ivar Ødegaard. På fotoet i annonsa ser vi huset som faren, Dominikus Bjørkum, bygde for å ta imot reisande.

Annonse for turistskyssinga til Ivar Ødegaard. På fotoet i annonsa ser vi huset som faren, Dominikus Bjørkum, bygde for å ta imot reisande.

Ivar Dominikusson Ødegaard (1870-1952) var i Amerika frå 1892 til 1895. Då han kom heim, starta han skysstasjon på Øygarden ved Ljøsne saman med faren Ivar under firmanamnet ”Ivar Ødegaard & Co”. På garden vart det bygt eit stort hus der Bjørkum kunne ta imot overnattingsgjester, men denne verksemda møtte sterk konkurranse frå Blaaflat Hotell og vart lagd ned etter kort tid.

Ivar arbeidde også som portiér på turisthotella, og han brukte engelskkunnskapane sine til å drive engelskkurs for lærdølene. Både mellom hotellpersonale, skysskarar og dei mange lakseklepparane i bygda var det trong for engelskkunnskapar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009