Hopp til innhold
X
Innhald

Engelskmennene kjem til Lærdalselvi

Captain Albert Whitaker (t.v. framme) saman med sonen og andre engelskmenn med det som blir rekna som ein gjennomsnittleg dagsfangst i 1906. Dei budde på Kapteinsgarden på Ljøsne. Foto: William J. Wade. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Laksefisket har sidan tidleg på 1800-talet gitt arbeid til både store og små. Her er Ola Anderson Kjorro, som var kleppar for den engelske laksefiskaren Eastwood, som budde på Hegg. Ola døydde i 1913, berre 18 år gamal. Biletet er teke av Eastwood rundt 1910. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Dei første engelske sportsfiskarane oppdaga Lærdalselvi på 1830-talet: I 1836 skriv engelskmenn som har overnatta på Husum Hotell om «good salmon fishing». Den første engelskmann som skriv om elva, er William Bilton i 1837. Men den første tida var ikkje Lærdalselvi sett på som noko «dronning mellom lakseelvar» fordi ho var grunn.

På 1840-talet fekk sportsfisket større omfang, og mange utlendingar kjøpte faste fiskerettar i Lærdalselvi. Ein av dei første faste sportfiskarane i Lærdal var James Randell, som fiska i elva frå ca. 1853 og sette opp leigekontrakt.

Fiskekameraten John C. Musters kjøpte Kapteinsgarden på Ljøsne i 1876, og kjøpte opp fiskerettar i store deler av elva. Seinare har Kapteinsgarden vore eigd av søkkrike engelske og norske sportsfiskarar. Musters og seinare eigarar av Kapteinsgarden kjøpte gjerne heile gardar for å sikre seg fiskeretten til garden.

Dei fleste større gardane oppover dalen tok imot velståande laksefiskarar som losjigjestar. Ofte flytte eigarane ut og overlet hovudhuset til laksefiskarane i sesongen, slik ein t.d. gjorde på garden Molde.

På garden Øye vart det bygd eige «fiskarhus». Andre laksefiskarar budde på hotella på Husum eller på Lindstrøms på Lærdalsøyri. Det såkalla Sviggumhuset eller «Nøisomhed» (bygd av kaptein Hans Thee i 1851) vart tidleg på 1900-talet kjøpt av mrs. Lambert, kona til ein engelsk laksefiskar. Ho leigde ut rom til fiskarar fram til 1940, då eigedomen vart kverrsett av tyskarane.

Fiskarhuset i Øye, ein av stadene der laksefiskarane vart innlosjerte. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fiskarhuset i Øye, ein av stadene der laksefiskarane vart innlosjerte. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Lindstrøms Hotel budde m.a. prinsane Knud og Axel frå Danmark og den steinrike og eksentriske briten Sophwith (sjå eigne artiklar om Husum Hotell og Lindstrøms Hotel under «Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm»).

James Randell fekk tid til meir enn å fiske laks under opphalda sine i Lærdal. Han var og ein habil kunstnar, og her har han fanga inn Lærdalselvi ved Bjørkum.

James Randell fekk tid til meir enn å fiske laks under opphalda sine i Lærdal. Han var og ein habil kunstnar, og her har han fanga inn Lærdalselvi ved Bjørkum.

Kong Harald drog sin første laks i Lærdalselvi i 1953, og var sidan ein årviss gjest i elva, der han fiska mykje saman med elveeigar Per Hjermann.

Han hadde ofte med seg Olaf Olsen som kleppar, ein av dei mest kjende lakseklepparane i Lærdalselvi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.05.2011