Hopp til innhold
X
Innhald

Erdal Mølle

Erdal Mølle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal Mølle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal Mølle i Erdal vart bygd i 1837 og er den eldste industriverksemda i fylket som enno er i drift. Det var Per Knutson Sagøyna som bygde mølla. Like ved mølla vart det også bygd ei stor tøystampe for mjukning av vadmelsty.

Frå 1878 var det bergensaren Gullak Olai Knutsen som dreiv Erdal Mølle. I 1887 overlet han mølla til sonen Henrik Knutsen. Sjølv flytta Gullak til Hermansverk og starta forretningar der. Etter ein skadeflaum i elva i Erdal i 1888, selde Henrik Knutsen mølla til Hans Thyri. Sjølv flytta Henrik Knutsen til Hermansverk og starta saman med resten av familien ei mengd fabrikkar og anna forretningsverksemd. – Les meir om Knutsenfaminilen på Hermansverk under Leikanger kommune i artikkelenForretningsfamilien Knutsen tek over Hermansverk.

Størst i Sogn

Erdal Mølle vart modernisert og mykje utvida av Kristoffer Bjørkum i 1896. Sonen til Kristoffer, Hans Bjørkum, tok over i 1938, og mølla vart bygd ut til den største i Sogn.

Under 2. verdskrig fekk Erdal Mølle stor strategisk betydning for matforsyninga, og innvegingskontrollørar frå forsyningsnemnda fylgde nøye med kor mykje korn som kom inn og kor mykje mjøl som vart selt. Mølla vart driven ved vasshjul heilt fram til det vart bygt eit lite elvekraftverk i Erdal i 1949.

Utbygging på 60- og 70-talet

Etter krigen dabba den lokale korndyrkinga av, men då fleire lærdalsbønder investerte i skurtreskar på 1960-talet, vart det nytt liv i mølla i Erdal, og det vart installert korntørke og malingsanlegg for fôrmjøl. Mølla fekk to store utandørs siloar i 1970.

Mølla vart totalskadd av brann i 1971, men vart oppattbygd.

Sonen til Hans Bjørkum, Kåre Bjørkum, tok over kring 1990 og tek imot tørking og maling av fõrkorn. Dei tre siloane ved anlegget kan lagre 550 tonn. Omsetninga av fôr og kunstgjødsel går gjennom Norgeskorn.

Siloane har plass til 550 tonn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Siloane har plass til 550 tonn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011