Hopp til innhold
X
Innhald

Erigodset

Flyfoto av Eri teke i 1955. © Telemark flyfoto.

Flyfoto av Eri teke i 1955. © Telemark flyfoto.

Ei knapp mil opp frå Lærdalsfjorden kryssar europavegen dei vide jordene på Eri. I høgmellomalderen vart Eri nemnt som eige gods under Munkeliv kloster. Klosteret hadde kontroll over ei mengd gardar kringom på Vestlandet, og Erigodset var ein viktig del av dette. I mellomalderen hadde storfolket på Eri truleg eit eige, privat kapell slik vi elles m.a. kjenner det frå storgardane Hove i Vik, Fet på Hafslo og Stårheim i Nordfjord.

Lokalhistorikarar gissar på at garden også var setegard, men denne nemninga vart berre nytta om gardar der andelege budde, og det var gardar som m.a. hadde skattefritak og andre privilegium. Erigodset har truleg ei tid rådd over det meste av sørsideeigedomane i Lærdal frå og med Eri og vestover til og med Vindedal. Etter reformasjonen på 1500-talet vart mykje av Erigodset nytta som prestegard, men det meste av det tidlegare klostergodset vart selt av kongen til kjende adelsmenn som Vincens Lunge (Les meir om Lunge i artikkelen: Adels-ætta Kruckow i Kroken – Luster komune), Iffuer (Iver) Wind (sjå denne - Sogndal kommune) og Borge Juul.

Laksefiskar med eigen bauta

Ein engelsk laksefiskar, sir William Gordon, fekk i 1909 reist ein bautastein over seg sjølv på Tovarhaugen på Eri. Seinare viste det seg at haugen, som er ni meter i tverrmål, inneheldt ei mannsgrav frå eldre jernalder. Segna seier at det var her bygdehovdingen Tovar Eri vart hauglagd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.05.2011