Hopp til innhold
X
Innhald

Erik M. Aarethun

Erik Aarethun fødd 1948, frå Lærdalsøyri. Bedriftseigar, idrettsmann og idrettsadministrator. Var 1970-1984 tilsett i Gjøvik Boligbyggelag før han gjekk inn i familiebedrifta Trevaren AS i Lærdal. Sidan 1994 har han drive Lærdal Ferie og Fritidspark A/S.

Aarethun var i nokre år kring 1970 mellom dei 10 beste skeiseløparane i landet. Han var og aktiv i sykkelsporten, og skipa i 1984 Lærdal Sykkelklubb, som sidan m.a. har vore arrangør av store stemne som NM, Norsk Sykkelfestival og løpet Oslo-Lærdal.

Han var styremedlem i Norges Cykleforbund frå 1994, i fleire år visepresident, og frå 2000 til 2008 president i forbundet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011