Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på Lærdalsfjorden

Før Revsnesvegen kom i 1966 måtte all trafikk mellom aust og vest over frå bil til båt på Lærdalsøyri. På dette biletet midt på 1930-talet ligg fire fylkesbåtar ved kai på Habben. Fremst ligg ”Stavenes”, deretter ”Kommandøren” og ”Alden” og bak dei igjen ”Hornelen”. Foto: Johannes Mjøs. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Den første dampbåtruta på Vestlandet var ei postrute mellom Bergen og Lærdalsøyri. Postruta vart trafikkert av det første dampskipet i Noreg; D/S ”Constitutionen”. Seinare skipa Sogn og Fjordane fylke sitt eige rutebåtlag – Nordre Bergenhus Amts Baade – som tok over postruta. Det var postruta Bergen-Lærdal som såleis var opphavet til at fylket fekk sitt eige rutebåtlag – Fylkesbaatane – i 1858.

Litt av det ”maritime” miljøet på Lærdalsøyri er teke vare på. Hit opp gjekk jektene med lasta si. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Litt av det ”maritime” miljøet på Lærdalsøyri er teke vare på. Hit opp gjekk jektene med lasta si. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jektene segla heilt til sentrum

I eldre tider gjekk hovudløpet på Lærdalselvi heilt inn til der Lindstrøm Hotell ligg idag, og elva frå fjorden var seglande. Difor var den gamle «Løytnantbryggja» midt i sentrum jektehamn, og her vart det bygd fleire sjøbuer som framleis står.

Bryggja har namnet etter løytnant Hans Lem i Det Lærdalske Kompani. Ferskvatnet frå Lærdalselva kunne ofte skape isproblem i den inste delen av fjorden. Difor vart det i 1838 bygd veg ut til Fleskheller nokre kilometer vest for Lærdalsøyri på sørsida av fjorden. Ved Fleskheller fraus fjorden mest aldri til, og her vart det bygd ei lita kai.

Sognejekter i Lærdal på 1880-talet. I bakgrunnen ser vi fylkesbåten ”Balder” som eit varsel om at segljektene snart hadde utspela si rolle. Foto: Axel Lindahl. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Sognejekter i Lærdal på 1880-talet. I bakgrunnen ser vi fylkesbåten ”Balder” som eit varsel om at segljektene snart hadde utspela si rolle. Foto: Axel Lindahl. Eigar: Norsk Folkemuséum.

Dei første dampbåtrutene

Ei av dei første dampskipsrutene i Noreg starta mellom Bergen og Lærdalsøyri i 1839.

Skiping av Fylkesbaatane

På ekstra møte i amtsformannskapet i tingstova i Sjøahola i Førde den 27. november 1857 vart Fylkesbaatane skipa. Det første skipet, «Framnæs», vart sett i rute på strekninga Bergen-Lærdalsøyri. Opningsturen gjekk 2. desember 1858.

Konkurranse om rutefarten

På slutten av 1800-talet fekk Fylkesbaatane sterk konkurranse frå andre ruteselskap i trafikken mellom fjordafylket og Bergen.

Ein fylkesbåt, truleg er det ”Kommandøren”,  er på veg frå kai på Frønningen ca. 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Ein fylkesbåt, truleg er det ”Kommandøren”, er på veg frå kai på Frønningen ca. 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Frønningen

Godseigar Lem på Frønningen fekk ordna med stopp av Fylkesbaatane på Frønningen heilt frå starten av den første sogneruta i 1858. I nyare tid vart Frønningen kopla inn på ferjeruta til Lærdal-Gudvangen. Men etter at Lærdalstunnelen opna i 2000 fekk Frønningen ferjesamband annankvar dag til Kaupanger. Bygda har elles skipa skyssbåtlag som driv ruteskyss og chartertrafikk.

Erdal hadde anløp av rutebåtar fram til 1970. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal hadde anløp av rutebåtar fram til 1970. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal

fekk stjernestopp av Fylkesbaatane like etter 2. verdskrig. Lasteruta Sogn-Bergen gjekk opp under bygda, m.a. med last til og frå Erdal Mølle. Ordninga med anløp av rutebåtane vart halden ved lag til 1970.

Fyrlykta på Fodnes

Fyrlykta på Fodnes er eitt av dei mest kjende seglingsmerka i indre Sogn. Lykta vart sett opp i 1917.

Maritimt miljø i Lærdal

Den sentrale plasseringa Lærdalsøyri hadde som endepunkt for dampskipsrutene på Sogn, er truleg grunnen til at denne «innlandsbygda» hadde eit visst maritimt miljø.

Ferjene i Lærdal

I 1934 starta Fylkesbaatane ei såkalla «gjennomgangsferje» mellom Vadheim og Lærdal med «Vesle Øyvind».

Ferjesambandet Mannheller-Fodnes vart opna i 1995. Fodnes til venstre, Mannheller til høgre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjesambandet Mannheller-Fodnes vart opna i 1995. Fodnes til venstre, Mannheller til høgre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.05.2011