Hopp til innhold
X
Innhald

Ferjene i Lærdal

Fodnes ferjekai vart opna i 1993, og frå 1995 har ferja gått mellom Fodnes og Mannheller. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Fodnes ferjekai vart opna i 1993, og frå 1995 har ferja gått mellom Fodnes og Mannheller. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Gjennomgangsferjene

I 1934 starta Fylkesbaatane ei såkalla «gjennomgangsferje» mellom Vadheim og Lærdal med «Vesle Øyvind». Skipet hadde mellomstopp innover Sognefjorden. Midtfjords korresponderte den med ei ferje som kom frå Gudvangen. I 1939 vart det starta ferjeruter Lærdal-Gudvangen og Kaupanger-Lærdal.

”Lærdal” var den første ”skikkelege” bilferja til Fylkesbaatane. Her er ferja ved kai i Lærdal ein gong rundt 1960. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

”Lærdal” var den første ”skikkelege” bilferja til Fylkesbaatane. Her er ferja ved kai i Lærdal ein gong rundt 1960. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Kortare ferjestrekningar

For å korte ned dei lange ferjestrekningane frå Lærdaløyri og til riksvegsystema lengre vest i Sognefjorden – først og fremst til Kaupanger på riksveg 5 og til Gudvangen på noverande E16 - vart det i 1966 bygd riksveg til Revsnes på sørsida av Lærdalsfjorden. Revsnes ligg omlag 20 km vest for Lærdalsøyri.

Revsnes (midt i biletet) var ferjestad i 27 år. Ferja ”Fanaraaken” på veg ut Amlabukta er ikkje på veg til Revsnes, men til Lærdal i sommarruta Lærdal-Kaupanger-Gudvangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Men Revsnesvegen var svært utsett for snøfonner og steinras, noko som førte til dødsulukker. Revsnes ferjekai og Revsnesvegen vart nedlagd som europavegsamband då Fodnestunnelen (6604 meter) og ferjekaien på Fodnes på neset mellom Lærdalsfjorden og Årdalsfjorden vart opna i 1993.

Ferjesambandet Fodnes-Mannheller

vart opna då Amlatunnelen (2969 meter) mellom Mannheller og Kaupanger og Mannheller ferjekai vart opna i 1995. Ferjesambandet avløyste då strekninga Fodnes-Kaupanger. Ferjebiletten her har inkludert bompengar som delfinansierte dei store tunnelsystema som no knyter Lærdal-Årdal-Sogndal saman. Bompengeinnkrevinga varde til 2009.

Bilferja Lote på veg til kai på Fodnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja Lote på veg til kai på Fodnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferje til Frønningen

Den veglause bygda Frønningen hadde tidlegare anløp av ferga som trafikkerte på Gudvangen i Aurland. Men etter at Lærdalstunnelen opna i 2000, fekk Frønningen ferjesamband annankvar dag til Kaupanger. Bygda har elles skipa skyssbåtlag som driv ruteskyss og chartertrafikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 11.05.2011