Hopp til innhold
X
Innhald

Filefjell - hovudvegen aust-vest

Formann reiser over Filefjeld - måleri frå 1851 av Johan Christian Clausen dahl og sonen Siegwald Dahl.

Formann reiser over Filefjeld - måleri frå 1851 av Johan Christian Clausen dahl og sonen Siegwald Dahl.

Filefjell er det lågaste fjellpasset mellom Aust- og Vestlandet, og ligg under skoggrensa. Det er mindre verhardt enn andre fjellovergangar. Difor har vegen Lærdal-Filefjell-Valdres gjennom uminnelege tider vore hovudvegen mellom aust og vest: Her gjekk hærfylgje og pilegrimar over i mellomalderen.

Den første postruta i landet kom over Filefjell i 1647, og på 1700-talet kom Kongevegen. No går E16 - stamvegen Bergen-Oslo - over Filefjell.

Tjodgata

Etter Gulatingslova skulle vegbreidda kontrollerast ved å ri «baugreid» - d.v.s. at ein skulle ri med eit spyd (tjod) på tvers over hestesalen.

Saltvegane

Når folket i Austlands-dalane reiste vestover for å byte til seg salt, fylgde dei «saltvegen» over høgfjellet frå Filefjell til Fodnes ytst på halvøya mellom Lærdalsfjorden og Årdalsfjorden.

Fjellstove for ferdafolk

Langs dei viktigaste fjellovergangane i Sør-Noreg har det frå kring 1000-talet vore fjellstover der ferdafolk kunne overnatte og søke ly for uver.

Skyssing og pliktarbeid i Lærdal

Sidan vegen over Filefjell var den viktigaste ferdslevegen mellom aust og vest, vart lærdølene pålagde mykje arbeid med vedlikehald av vegen, og skyss av reisande embetsmenn.

Kongevegen på Filefjellet der han tek av frå dagens E16 ved Thomaskyrkja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kongevegen på Filefjellet der han tek av frå dagens E16 ved Thomaskyrkja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kongevegen over Filefjell

I 1665 fekk det dansk-norske styret eigne embetsmenn som skulle organisere og leie vegbygginga.

Vindhellavegen

I tida 1837-1846 vart vegen utbetra på fleire strekningar, mellom anna vart den spektakulære Vindhellavegen bygd.

Berre murane står att av kongevegbrua over Lærdalselvi i Galdane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Berre murane står att av kongevegbrua over Lærdalselvi i Galdane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Vegen i Seltåsen

Gjennom Galdane var det ikkje lett å ta seg fram, og den gamle tjodvegen gjekk over Seltåsen.

Vegutbetringar og heilårsveg

På vegen mellom Lærdalsøyri og Filefjellet har det nesten kontinuerleg vore arbeid med utbetringar.

Frå arbeidet med bru over Lærdalselvi ved Steinklepp sommaren 2007. I bakgrunnen innslaget til Tuftåstunnelen som vart opna hausten 2008. Tunnelen og brua erstatta den gamle, smale og svingete vegen gjennom Steinklepp og vidare til Borlaug. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 11.05.2011