Hopp til innhold
X
Innhald

Fjøreknappen

«Ballastplantar» er eit omgrep i norsk flora. Dette er plantar frå frø som vert førde til landet i skipslaster, og som sår seg i sitt «nye heimland».

M.a. har den sjølvlærde botanikaren Olav J. Befring frå Jølster har skrive utførleg om «ballastplantar» i boka «Jølstrafloraen». Den mest kjende «ballastplanten» i Sogn og Fjordane er nok fjøreknappen (cotula coronopofolia) som veks i brakkvass-sona ved utløpet av Lærdalselvi. Dette er ein ca. 5-10 cm. høg vekst med gul blome, tilhøyrande korgfamilien. I Lærdal har det vore mykje strid om fjøreknappen skal få stå i fred i eigne vernesoner.

Her på Grandane veks fjøreknappen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Her på Grandane veks fjøreknappen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.05.2011