Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Lærdal i tysk fangenskap

Den 17. mai 1945. Folk i Lærdal kunne feire nasjonaldagen som frie menneske. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Den 17. mai 1945. Folk i Lærdal kunne feire nasjonaldagen som frie menneske. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Folk frå Lærdal i tysk fangenskap under 2. verdskrig:

  • Juan M. Manus fødd 1877. Translatør. Arrestert og overført Møllergata 19 den 3.03.1941, sett fri 18.03.1941.
  • Per Ljøsne fødd 1897. Gardbrukar og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Hans Tønjum Wendelbo fødd 1899. Gardbrukar og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Shildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Egil Natvik fødd 1903. Gardbrukar og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat den til freden.
  • Olav Sandnes-Sjursæter fødd 1906. Gardbrukar. Arrestert 30.04.1943, overført Bergen, overført Ulven 21.06.1943, overført Møllergata 19, overført Natzweiler og døydde i fangenskap 22.01.1944.
  • Jørund Baadsvik fødd 1909. Kontormann og fenrik. Arrestert 16.08.1943, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
    • Johannes Øvregard fødd 1913. Løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
    • Jens Åmot fødd 1913. Arbeidar. Arrestert og overført Bredtvedt 16.05.1943, sett fri 30.06.1943.
    • Lars Johansen fødd 1915. Smørar. Arrestert 20.05.1942, overført M/S «Michel» i Yokohama, Japan, overført Yokohama 20.07.1942, overført M/S «Rhakotis», Japan, 19.08.1942, overført Bordaux 3.01.1943, sett fri 17.05.1943.
    • Oddmund Hjermann fødd 1921. Teologistudent. Arrestert 30.11.1944, overført Stavern, overført Sennheim 9.12.1943, overført Buchenwald og sett fri 20.12.1944.
    • Rolf I. Jerving fødd 1921. Legestudent. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sennheim, overført Buchenwald og sat der til freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011