Hopp til innhold
X
Innhald

Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm

Den gamle hotellbygningen Kofoeden på venstre sida av Øyragata. Nybygget som vart reist etter brannen i 1968 står på høgre sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle hotellbygningen Kofoeden på venstre sida av Øyragata. Nybygget som vart reist etter brannen i 1968 står på høgre sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lindstrøm Hotel på Lærdalsøyri er eitt av dei eldste og mest særprega hotellanlegga i Sogn og Fjordane, og med ei mangslunga, fargerik og dramatisk historie:

Lærdalsøyri var frå 1648 skysstasjon på ruta over Filefjell. I 1845 starta Jørgen Christian Lindstrøm og kona Birgitte Mathea frå Bergen landhandel på Lærdalsøyri, med plikt til å ta imot reisande. Stamfaren til familien var Ole Lindset frå Sunnmøre, som flytta til Bergen i 1750 og tok familienamnet Lindstrøm.

Slik såg Lindstrøm Hotel ut dei første åra. Fotoet er teke ca. 1870. Huset til venstre er ”Kofoeden”, som seinare vart bygd om til sveitsarstil og som framleis står. Huset til høgre er hovudbygningen. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Jørgen Christian Lindstrøm.

Jørgen Christian Lindstrøm.

Jørgen Chr. Lindstrøm tok då over handelen etter Johan Joakim Møller på Lærdalsøyri, etter å ha gått i lære hos landhandlar Foss i Sogndal ei tid. Handelen heldt til i det som vart kjent som «Lindstrømbui» ved den gamle busshaldeplassen. Ei tid dreiv han også sildesalteri i Kinn.

I 1853 kjøpte Lindstrøm huset til apotekar Andreas Agersborg (sjå Lærdal Apotek). Dette huset var grunnstammen i det hotellkomplekset som Lindstrøm etter kvart bygde i sentrum. Hotellet hadde frå starten eige gardsbruk, og var stort sett sjølvberga med mjølk og kjøt til hotelldrifta. Johan Christian vart dampskipsekspeditør i 1865, og bygde dampskipskai og pakkhus i Habben på sørsida av øyra.

Lindstrøm-familien styrde dampskipsekspedisjonen i Lærdal til 1967. Andre generasjon, Ole Johan Lindstrøm, overtok drifta av eigedomane berre 22 år gamal då faren døydde i 1871. Han kjøpte det såkalla «Kofoeden» på andre sida av gata frå sakførar Hans Ramshard Kofoed då denne vart sorenskrivar i Nordfjord. I 1885-1886 vart både hovudbygningen og «Kofoeden» påbygde og utstyrte med altanar i sveitsarstil. I 1898 kom så «Nybu» til. Dette huset står framleis med sin karakteristiske sveitsarstil i «hotellhagen».

Nybu i hotellhagen vart reist i 1898. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nybu i hotellhagen vart reist i 1898. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Styrtrike og eksentriske turistar

Frå slutten av 1800-talet strøymde velståande turistar til Lærdal for å fiske laks i den fiskerike Lærdalselvi. Dei fleste tok inn på Lindstrøm Hotel.

Brannen på Lindstrøm hotel

Den 25. juni 1968 vart den gamle hovudbygningen til Lindstrøm Hotel totalskadd av brann.

Gamle Lindstrømbui. Biletet er teke i samband med eit veteranbilløp. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Gamle Lindstrømbui. Biletet er teke i samband med eit veteranbilløp. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lindstrømbui

Landhandelen Lindstrømbui heldt til ved den gamle busshaldeplassen frå starten i 1849 og til den flytta inn i nybygget i 1968. Arne Tønjum var butikkbetjent på Lindstrømbui i 40 år frå 1948. Lindstrøm dreiv sjølv kafeteria og daglegvarehandel i nybygget i fleire år. I år 2001 er det Kiwi-kjeden som driv butikken.

Kiwi-butikken og Lindstrøm Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kiwi-butikken og Lindstrøm Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.05.2011