Hopp til innhold
X
Innhald

Første norske poteta i Lærdal?

Potetopptak på Tønjum ein gong etter andre verdskrigen. Foto: Mittet & co. Eigar: Ove Grøndal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Potetopptak på Tønjum ein gong etter andre verdskrigen. Foto: Mittet & co. Eigar: Ove Grøndal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dei første sikre opplysningane om norsk potetdyrking skriv seg frå 1750-talet. Det var prestane som innførte poteta i det norske hushaldet. Kven som var den aller første «potetpresten» veit ein ikkje sikkert, men opphavsområda for poteta er indre Austlandet, Nedre Telemark og austlege Agder, og midtre Vestlandet.
Ein av dei første som starta med potetdyrking i Noreg var Lærdalspresten Hans Carsten Atche. Han var den første som dyrka potet på Vestlandet, og kan til og med ha vore den første i landet. Atche kom frå Lolland i Danmark og var sokneprest i Lærdal i 17 år frå 1743, etter først å ha vore prest i Aurland. Då han flytta til Ullensvang i 1757, hadde han med seg poteta dit. Den første potetåkeren i Lærdal skal vere sådd på Blåflat. Elles veit ein at Hermann Ruge, som var sokneprest i Slidre i Valdres 1737-1763, i 1762 omtalar at han dyrka potet på prestegarden der. Kan det ha vore samband mellom Lærdalspresten Atche og Ruge i Valdres?

Sjå også om tidleg potetdyrking: Potetdyrkinga i Luster

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018