Hopp til innhold
X
Innhald

Frønningen Skog

Frå drifta til Frønningen Skog. Foto: Margrethe Rumohr.

Frå drifta til Frønningen Skog. Foto: Margrethe Rumohr.

Frønningen Skog vart starta på Frønningen av skogeigar Vilhelm Rumohr i 1997. Utgangspunktet for selskapet er utleige av jakt på det store godset, men Rumohr tek sikte på å utvikle naturbaserte aktivitetar som kan gje heilårsdrift.

Frønningen Skog disponerer ei mengd større og mindre hus på eigedomen som til saman kan huse kring 50 gjester.

Sagbruket på Frønningen vart lagt ned samstundes med at det nye selskapet vart skipa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.12.2009