Hopp til innhold
X
Innhald

Fruktavl og Lærdalseplet

På Rikheim var dei tidleg ute med fruktdyrking. Dette biletet er frå slutten av 1800-talet. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

På Rikheim var dei tidleg ute med fruktdyrking. Dette biletet er frå slutten av 1800-talet. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Ullensvang-presten O. Olafsen nemner kring år 1800 prestegardane i Lærdal, Balestrand og Eivindvik mellom prestegardar på Vestlandet der det vert drive omfattande fruktavl.
«Lærdalseplet» er rekna som ein lokal eplesort i Lærdal, og den vert også kalla Rikheimseple etter storgarden Rikheim, som var svært tidleg ute med fruktdyrking. Men opphaveleg kom «Lærdalseplet» frå Stedjes planteskule i Sogndal og heitte «Engelske kalvillar». Sorten kom truleg til planteskulen på Rikheim i 1850. «Lærdalseplet» gav god avling, men frukta hadde dårleg farge.

Sjølv om klimaet låg til rette for det, fekk ikkje fruktdyrkinga noko stort omfang før kring 1890, då dei første frukthagane vart planta. Les vidare under «Samvirketiltak for frukt og grønsaker» og «Kontraktdyrkinga».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2011