Hopp til innhold
X
Innhald

Gyrodactylus-katastrofen 1996

I 1996 vart det oppdaga at «dronninga mellom lakseelvar»; Lærdalselvi, var infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Rotenon

Til sterke protestar mellom anna frå Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund vart fisken i heile Lærdalsvassdraget totalt utrydda med gifta rotenon den 9. april 1997. Gifta vart tømd i elva fleire stadar. Etter kvart som gifta vart tynna ut på grunn av tilsig, måtte meir rotenon tilsetjast fleire stadar nedover elva. Samstundes vart alle sideelver behandla. Også dammar, veiter og anna der det kunne leve fisk vart rotenonbehandla. 60 personar deltok i aksjonen.

Gyrodactylus-katastrofen i Lærdalselvi i 1996. Kurt Oddekalv i miljøvernforbundet freista å stogge rotenonbehandlinga.

Kurt Oddekalv i miljøvernforbundet freista å stogge rotenonbehandlinga.

Kring 3000 vaksne sjøaurar og 200 vaksne laks strauk med etter giftkuren. Tusenvis av laks- og sjøaureungar døydde. Lakseungane er hovudberarar av Gyrodactylus salaris og det var derfor først og fremst desse som var målet for behandlinga. På hausten same året fekk elva ein ny dose gift, men likevel har ein ikkje makta å få bukt med parasitten.

Gyrodactylus-katastrofen i Lærdalselvi i 1996. Fisken dauar av gifta rotenon.

Fisken døyr av gifta rotenon, og tusenvis av fisk har stroke med som følgje av rotenonutslepp i forsøka på å utrydde Gyrodactylus-parasitten.

Ny behandling

I 2005 starta eit forsøk på å utrydde Gyrodactylus-parasitten frå vassdraget med såkalla surt aluminium (AlS) i kombinasjon med rotenonutslepp. Dette var første gongen at ein freista å få bukt med Gyrodactylus salaris med AlS i eit så stort vassdrag her i landet. Utviklinga av metoden med å utrydde Gyrodactylus-parasitten med surt aluminium har i stor grad føregått i Lærdalselvi.

Då kuren var avslutta i 2006, såg det ut til at ein hadde utrydda parasitten, men likevel vart det registrert Gyrodactylus salaris i elva i 2007. I 2011 starta eit nytt forsøk på å få vekk parasitten. Frå 2005 til 2012 er det brukt i alt 90 millionar kroner på kampen mot Gyrodactylus salaris i Lærdalselvi.

Gyrodactylus-katastrofen i Lærdalselvi i 1996. Rotenon blir sleppt ut i Lærdalselvi. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Rotenon blir sleppt ut i Lærdalselvi. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Friskmeldingsundersøkingar

I 2013 vart det starta friskmeldingsundersøkingar i Lærdalselvi. Desse undersøkingane vil gå over minst fem år, som vil seie at elva tidlegast kan bli friskmeld seinhausten 2017.

Kjelder

Tor Atle Mo, e-post 29.11.2016 og 5.12.2016

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.02.2017