Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Olsson Kvamme

Butikken på Fjellheim, som Ola Kvamme bygde. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Butikken på Fjellheim, som Ola Kvamme bygde. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Håkon Olsson Kvamme (1838-1907) starta landhandel på Berge i Borgund i 1866, og var dermed den første som starta landhandel i Borgund. Håkon fekk tilnamnet Gamlekremmaren. Han er også oppført med etternamna ”Voldum” og ”Berge”.

Håkon starta først i eit kammers hjå lensmannen, men bygde i 1868 eige hus på Berge.

Sonen Ola tok over i 1907 og bygde ny forretning på Fjellheim. Frå 1928 dreiv dei også med losji og matservering.

Tredje generasjon, Håkon O. Kvamme jr., dreiv frå 1934 til 1940. I 1952 opna ektemaken Marit kafé som ho dreiv til 1976.

Under arbeidet med køyrevegen over Hemsedalsfjellet på slutten av 1800-talet, sette Håkon Olsson Kvamme opp ei bu på Eggjestølen der han selde varer til anleggsfolket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2011