Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard Hallvardson Husum

Hallvard Hallvardson Husum (1855-1945) frå Lærdalsøyri. Lærar, klokkar og målhovding.

Hallvard Hallvardson Husum (1855-1945) frå Lærdalsøyri. Lærar, klokkar og målhovding.

Husum var utdanna på Stord lærarskule og arbeidde som lærar i 47 år og som kyrkjesongar i Lærdal til han var 72 år gamal.

Husum var den fremste leiaren for nynorsk-flokken i den harde målstriden i Lærdal kring 1910.

– Les meir om denne i artikkelen Noregs bitraste målstrid.

Husum vart tildelt Kongens fortenestemedalje i 1925.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011