Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Gjesme

Hans Gjesme. Foto: Jens Hauge.

Hans Gjesme. Foto: Jens Hauge.

Hans Gjesme (1904-1994) frå Voll. Kunstmålar.

Gjesme studerte målarkunst under Pola Gauguin og André Lhote i Paris.

Han har delteke på Vestlandsutstillinga og Statens Haustutstilling, og har m.a. halde separatutstillingar i Bergen og Oslo.

Gjesme gav i 1994 ei stor samling måleri, skulpturar og andre kunstverk til Lærdal kommune, som i 1998 opna Gjesme-samlinga i den gamle telegrafbygningen på Lærdalsøyri.

Men storparten av kunstverka vart lagra i kjellaren på rådhuset.

I 2011 opna Sogn Kunstsenter, Gjesmesamlinga, på Lærdalsøyri, og i 2012 vart kunstverka til Hans Gjesme samla der. Til saman er det rundt 1500 kunstverk, produsert frå Gjesme var 12 år til han var 89 år.

Fra Lærdal, måleri av Hans Gjesme.

Fra Lærdal, måleri av Hans Gjesme.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2012