Hopp til innhold
X
Innhald

Hans H. Thyri

Hans H. Thyri. © Selja Forlag.

Hans H. Thyri. © Selja Forlag.

Hans H. Thyri fødd 1936 i Erdal, busett i Hallingdal, som pensjonist flytta han heim til Lærdal. Lærar, rektor og forfattar. Har høgare utdanning i landbruk og samfunnsfag, m.a. dr. scient.

Førsteamanuensis ved Norges Landbrukshøgskole, rektor ved Lien Landbruksskole i Hallingdal og ved Buskerud videregående skole.

Forfattar av bøkene ”Sogn jord- og hagebruksskule – frå potetprest til økoskule” (Selja Forlag 2005), Aurlandsvegen – ein av Noregs høgstliggjande turistvegar” (Skald Forlag 2006), ”Aurlandsdalen frå Vidda til Vangen” (Skald Forlag 2008) og ”Utladalen og fjella omkring” (2011). Thyri har og skrive bok om Lærdal Energi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011