Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Leyrdahl

Hans Jonasson Leyrdahl (1660-1716). Prest i Lærdal frå 1687 til 1716. Hadde først det danske slektsnamnet Fanning, men bytte etternamn etter bygda der han budde - Lærdal.

Leyrdahl vart stor jordeigar i indre Sogn, dreiv sag på Stødno og hadde eiga jekt.

Sonen Jonas (1684-1743) arva både embete og gods etter faren, og vert rekna som den største jordeigaren i Lærdal i nyare tid. Han vart eigar av alle kyrkjene i Lærdal prestegjeld.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008