Hopp til innhold
X
Innhald

Hauge-bønder eig skogteigar ved Amla

Ombandsnes er neset til venstre i biletet. Her var det planar om steinbrot. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ombandsnes er neset til venstre i biletet. Her var det planar om steinbrot. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det er ikkje vanleg at folk eig skogteigar så langt unna som bøndene på Hauge-gardane i Lærdal gjer: I 1826 kjøpte dei nokre store skogteigar på Ombandsnes som ligg på neset på nordsida av Sognefjorden mellom Lusterfjorden og Amlabukti. Hauge-bøndene fekk hand om Ombandsnes på ein tvangsauksjon på garden nedre Nedre Amla.

I 1883 vart det vurdert å starte steinbrot på Ombandsnes, og i 1918 fekk firmaet A/S Hvit Granitt ei 50 års kontrakt på å kunne drive ut granitt mot å betale 50 kroner kubikkmeteren til grunneigarane. Men planen om steindrift vart ikkje gjennomført.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009