Hopp til innhold
X
Innhald

Hauge kyrkje

Hauge kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hauge kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hauge kyrkje på Lærdalsøyri vart bygd i 1869. Arkitekt var Christian Brodtkorp Christie som også har teikna kyrkjene i Borgund, Årdal, Stedje, Kyrkjebø og Holmedal. Byggmeister var John J. Alvær. Altartavla frå 1874 av Nils Bergslien, ein av dei tre Bergslien-kunstnarane frå Voss. Anna utsmykking i Hauge kyrkje er frå byggjeåret eller seinare. Hauge kyrkje vart landskjend i 1995 då kyrkjetenar Hans Hagheim nekta å ringje fordi han vart høyrsleskadd av klokkeklangen. Etter at Arbeidstilsynet hadde målt klokkeklangen til 140 decibel, fekk Hagheim forlenga ringjetaua slik at han slapp å stå så nær klokkene når det "small"!

I Hauge kyrkje i Lærdal er det tradisjon med adventstund og lysmesse 1. sundag i advent. Foto: Jan Christian Jerving

I Hauge kyrkje i Lærdal er det tradisjon med adventstund og lysmesse 1. sundag i advent. Foto: Jan Christian Jerving

Stavkyrkje på Hauge

På garden Hauge stod ei stavkyrkje. Den er nemnd første gong i 1327. I 1686 er det omtala ei kyrkje med tårn. Sjølve kyrkjeskipet var 11x7 meter, og i tillegg kom våpenhus, kor og sakristi. Denne Hauge-kyrkja hadde svært rik dekor innvendes, med rosemåling og bilete på veggane, stjernehimmel måla i taket og bibelsitat på takbjelkane. I 1675 vart det sett inn skriftestol i kyrkja. Eit såkalla triumfkrusifiks frå 1100-talet, to lysestakar frå 1500-talet og altartavle frå 1649 frå denne kyrkja er teke vare på ved De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuséum. Eit altarforstykke - altarfrontal - frå 1250 , eit røykelseskar og ein døypefont frå 1200-talet frå same stavkyrkja er i Bergen Muséum.

Altarfrontalen frå 1250 på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Altarfrontalen frå 1250 på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

På 1800-talet var Hauge kyrkje i svært dårleg forfatning, men den private kyrkjeeigaren vart ein bremsekloss for å få bygd ei ny. I 1850 fekk kyrkjelyden overta kyrkja etter ei rettssak, men det skulle likevel gå nesten 20 år før det vart bygt kyrkje på Hauge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011