Hopp til innhold
X
Innhald

Hegg Hotell

Hegg med hotellet på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Hegg med hotellet på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Hegg Hotell vart bygd av skysstasjonshaldar Jon Knutson Hæg på garden Hegg på 1880-talet. Hegg hadde vore skysstasjon sidan 1823 og hadde dessutan det lokale postkontoret.

Jon Knutson Hæg var sjølv oppvaksen på Nystuen som son til fjellstovemannen der. Skysstasjonen på Hegg heldt fem hestar i tillegg til fire hestar som dei kunne hente inn frå husmannsplassar på garden.

Sønneva og Jon K. Hæg.

Sønneva og Jon K. Hæg.

Hegg Hotell var bygt i to etasjar og fekk tak og veranda i sveitsarstil. Det hadde åtte gjesterom i andre etasje. Jon Knutson Hæg var mykje oppteken med politiske tillitsverv som ordførar i Borgund og som formann i fylkestinget, og det vart difor ektemaken Sønneva Olsdotter Hæg (1837-1903) som stod for det meste av hotelldrifta. I 1911 vart hotellet selt til sakførar Schelderup Jansen som la ned hotelldrifta. Hegg Hotell vart rive i 1920 og sett opp att som kommunehus for Borgund på Steinklepp.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009