Hopp til innhold
X
Innhald

Heile familien vart spedalsk

Bertha Samuelsdotter var mellom lærdølene som vart spedalsk.

Bertha Samuelsdotter var mellom lærdølene som vart spedalsk.

Før bergenslegen Gerhard H. Armauer Hansen oppdaga leprabasillen under nye og sterke mikroskop i 1873, var det lite ein kunne gjere med den tids folkepest: Spillsykja. Spillsykja herja verst i dei ytre fjord- og kystbygdene på Vestlandet. Men heller ikkje heimar i dei indre fjordstroka gjekk fri.

I 1832 vert det fortalt at ein heil husmannsfamilie på plassen Haugen i Vindedal vart spedalsk. Distriktslegen for Sogn, som den gongen budde i Sogndal, gav ordre om at heile familien med foreldre og tre born skulle tvangssendast til St. Jørgen Hospital i Bergen. Spillsjuke som hamna der, kom aldri ut att: Dei vart lesne sjelemesse over og vart rekna som ”levende Døde”. Det var nok tilfelle med familien frå Vindedal óg, for dei spurdest aldri meir.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018