Hopp til innhold
X
Innhald

Helseheim og tuberkuloseheim

Lærdal helseheim i 1922.

Lærdal helseheim i 1922.

I 1905 starta kommunane Lærdal og Borgund eit sjukehus eller helseheim for fattige sjuke på Lærdalsøyri. Det gamle, toetasjes skulehuset på Lærdalsøyri vart omgjort til sjukehus. Dei to kommunane stod for drifta åleine fordi fylkestinget nekta å støtte. Fylket frykta nemleg tilsvarande krav frå andre kommunar som gjekk med sjukehusplanar. Utflytta lærdøler i Amerika samla inn pengar til drift av helseheimen.

Tuberkuloseheimen

I 1911 tok fylket likevel over helseheimen som tuberkulosesjukeheim. Den gjekk då inn i ein omfattande fylkesplan i kampen mot folkesjukdomen tuberkulose: Tilsvarande "sanatorium" vart bygde i Askvoll bygd i 1912, i 1916 i Lavik (seinare Lavik sjukeheim) og på Sandane i 1921 (del av noverande Gloppen sjukeheim). "Sjukehusbygget" i Lærdal vart rive i 1914 og flytta til Mjelde (Mjoldo) der noverande sjukehus ligg. Helseheimen hadde ni senger for tuberkuløse og seks senger for andre pasientar og vart driven som kombinert heim fram til 1929.

Brende bøker av smittefrykt

Elles fortel ei historie om Knut Tomasson Lysne (1860-1923) kor stor djupt redsla for tuberkulosesmitte sat i folk: I 1913 vart Knut sjuk og hamna på Lyster Sanatorium. Då han vart utskriven som frisk, bygde han eit lite tilbygg på gardshuset som vart kalla ”Kurhallen”. I Kurhallen hadde den skriveglade mannen samla mange bøker og ting som han sjølv hadde samla og skrive ned. Men då han døydde, vart det sett fyr på alt saman av frykt for at bøker og anna innbu kunne føre smitte med seg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.05.2011