Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Lærdal

Lærdal sjukehus har i mange år vore ein viktig institusjon i Lærdal og indre Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal sjukehus har i mange år vore ein viktig institusjon i Lærdal og indre Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Første vaksineringa i Lærdal?

Jakob Lund frå Orkdal kom som sokneprest til Lærdal i 1763. Han var son til ein militær feltskjer i Orkdal, og vart student frå Trondhjems Skole i 1743. Etter eksamen studerte han ei tid medisin før han gjekk over på teologistudiet og tok presteeksamen i 1745. Det vert hevda at Jakob Lund var den første i Bergens Stift som lærte seg kunsten ”å setje koppar” – d.v.s. å utføre vaksinasjon på friske menneske ved å overføre infisert vev frå såra på koppesjuke pasientar og til eit hudrisp på den som skulle vaksinerast. Koppevaksinasjonen var den første vaksinasjonstypen som vart innført i Noreg. I Bergen vart 50 born ”poda” med koppar av Jakob Lund.

Bygdedokterar

Dei første distriktslegane i Sogn og Fjordane vart tilsette i 1802 - ein for Sogn og ein for Fjordane. Men jamsides med den offentlege legetenesta arbeidde lokale bygdedokterar langt inn på 1900-talet (sjå Jens Larsen Drægelid). Ein lokal bygdedokter med mange pasientar var Henning Junghans Hjerrild Sørensson Lem (1797-1878) på Lærdalsøyri. Han kom frå Årdal og var bror til løytnant Hans Lem.

Heile familien vart spedalsk

I 1832 vert det fortalt at ein heil husmannsfamilie på plassen Haugen i Vindedal vart spedalsk.

Distriktslege i Lærdal frå 1837

Dr. M. Istad frå Christiania vart den første distriktslegen i Lærdal.

Lærdal Apotek

vart starta i 1843. Det var det første apoteket i Sogn og Fjordane og det første på landsbygda i Noreg, og heldt til i bygningar som seinare vart overtekne av Lindstrøm Hotell.

Forbod mot lokal giktmedisin

Knut Olsson Grøthe (1872-1956), eller Knut i Klanti som han gjekk for til dagleg, var ein lokal bygdedokter som visstnok både kunne stoppe blod og kurere gikt. Knut miksa saman og selde ei spesiell giktsmurning. Slikt kvakksalveri likte ikkje den lokale legen og la ned forbod mot Knut fekk kjøpe ingrediensar til den hemmelege salven sin på apoteket. Knut i Klanti hadde også eit godt lag med kyr som fekk vanen på å stikke seg bort i fjellet: Då bles Knut i Klanti i øyra på kyra slik at ho vart lydig og kom heim om kveldane saman med dei andre kyrne.

Fodnes, der det var privat aldersheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fodnes, der det var privat aldersheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Private "aldersheimar"

På garden Sel i Erdal stod ein gong på 1800-talet ei stor stove som var kalla Selstova. Denne stova vart nytta som ein slags pleieheim for folk som kunne betale for slikt. Bøndene på Sel hadde ord på seg for at dei var legekunnige og kunne lage medisinar av ville plantar og urter. På den einbølte garden Fodnes vart det tidleg på 1900-talet drive ein privat alders- og pleieheim. Det var gardkona Sigrid Olsdotter Fodnes (1875-1961) som tok imot og stelte fleire gamle og pleietrengande. Også på garden Hatleberg i Borgund er det kjent at gardkona, Karen Hatleberg (1853-1939), tok inn eldre folk i bygda og gav dei losji og stell.

Lærdal alders- og sjukeheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal alders- og sjukeheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omsorgsbustader på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omsorgsbustader på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Helseheim og tuberkuloseheim

I 1905 starta kommunane Lærdal og Borgund eit sjukehus eller helseheim for fattige sjuke på Lærdalsøyri. Dette var forløparen til Lærdal sjukehus.

Lærdal helseheim i 1922, då det var tuberkulosepasientar som opptok sengene.  Ukjend fotograf. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Lærdal helseheim i 1922, då det var tuberkulosepasientar som opptok sengene. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Hesteskyss med Røde Kors-merke

Halvard Jansen Lærdalsøyri (1871-1959) var ein av mange vognmenn som gjorde skyssing av reisande til ein leveveg.

Lærdal sjukehus

vart opna i 1930 etter iherdig innsats av dåverande distriktslege Rolf Christophersen.

Ein ambulanse på E16 på Eri på veg til Lærdal sjukehus. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Ein ambulanse på E16 på Eri på veg til Lærdal sjukehus. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.05.2011