Hopp til innhold
X
Innhald

Hesteskyss med Røde Kors-merke

Halvard Jansen Lærdalsøyri.

Halvard Jansen Lærdalsøyri.

Halvard Jansen Lærdalsøyri (1871-1959) var ein av mange vognmenn som gjorde skyssing av reisande med hest til ein leveveg. Halvard køyrde hesteskyssrute mellom Lærdal og Odnes ved Randsfjorden.

Men han var også ein av mange sogningar som fekk seg arbeid som skysskar då Bergensbana vart bygd over høgfjellet kring 1900. Forsyningane til høgfjellsleirane vart frakta med hesteskyss frå Flåm og opp til Myrdal.

Eit par tiår seinare fekk Halvard Jansen Lærdalsøyri køyreoppdrag på Tyinanlegga i Årdal. Han hadde fleire hestar i sving, og dreiv m.a. sjuketransport i ei spesiell, innelukka vogn som vart merkt med Røde Kors-merke.

Seinare gjekk Halvard over til biltransport, og hadde i lang tid sjuketransporten for sjukehuset i Lærdal. Han og sønene dreiv også eigen bensinstasjon på Lærdalsøyri.

Under krigen, då det var streng bensinrasjonering, hadde sonen Ingvald Janson eigen ”knottfabrikk” slik at han kunne fyre drosje- og sjukebilen sin med gass frå den påmonterte knottgeneratoren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009