Hopp til innhold
X
Innhald

Hjelpepleiarskulen i Lærdal

Dette huset fekk namnet Dokterbustaden etter at distriktslege M. Istad kjøpte det. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette huset fekk namnet Dokterbustaden etter at distriktslege M. Istad kjøpte det. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter at Nasjonalforeningen for Folkehelsen hadde arbeidd for saka i fleire år, vart det i 1965 starta hjelpepleiarskule med 12 elevar knytt til sjukehuset i Lærdal.

I 1971 flytta skulen over i den såkalla «doktorbustaden» på Brattegjerdet, der distriktslegane hadde budd i 120 år. Her er det bygd anneks med hyblar og undervisningsrom. Skulen vart driven av Nasjonalforeningen i samarbeid med fylket, og fylkeskommunen tok over heile driftsansvaret på slutten av 1970-talet.

Seinare vart hjelpepleiarskulen administrativt lagt under Årdal vidaregåande skule (sjå Gymnas og vidaregåande skule i Årdal), og det meste av undervisninga går no føre seg ved skulen i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.02.2010