Hopp til innhold
X
Innhald

Hjermann-slekta på Stødno

Gardshusa på Stødno med Stødnafossen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gardshusa på Stødno med Stødnafossen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stødno-garden under den mektige fossen på nordsida av Lærdalsøyri er ein av dei største i Lærdal med 190 dekar innmark og store skog- og fjellvidder. Garden med den verdfulle lakseretten i elva har vore eigd av Hjermann-slekta sidan midt på 1600-talet.

Frå 1660 veit vi at Peder Nielsson Hjermann frå Sønder-Jylland i Danmark var eigar av garden. Han kom til Bergen i 1635 og fekk borgarskap der. Han skaffe seg store jordeigedomar på Vestlandet. Ein annan bror opna skjenkestove og gjestgiveri på Lærdalsøyri. Ein kort periode eigde den rike presten Hans Leyrdahl Stødno- garden, men den fall tilbake til Hjermann-slekta på odel. No var det ein Hjermann frå gjestgjevargreina på Lærdalsøyri som tok over. På 1700-talet var det fleire i Hjermann-slekta som var lensmenn i Lærdal.

Flyfoto av Stødno i 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Flyfoto av Stødno i 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Konflikt med husmann

Ein av husmannsplassane som låg under Hjermann-garden var Fleskheller. Det vert fortalt at då husmannsfolket der vart utsagde av Per Hjermann kring førre hundreårsskiftet, fekk ikkje Hjermann husmannsfolket ut av husa. Får å tvinge dei ut, fjerna Hjermann vindauga i den vesle stova i Fleskheller slik at huset var ubuande.

I tunet på Stødno står denne minnestøtta over stortingsmannen Peder Pederson Hjermann. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I tunet på Stødno står denne minnestøtta over stortingsmannen Peder Pederson Hjermann. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den neste brukaren på husmannsplassen i Fleskheller, Knut H. Bjørkum, utvida den vesle jordlappen med å bere jord utover dei nakne svaberga kring husa. For å få jorda til å liggje, laga han boltar av osp som han slo ned i fjellet til støtte for jorda. Knut Bjørkum fekk diplom frå Sogn og Fjordane landbruksselskap for nydyrkingsarbeidet sitt i Fleskheller. Hjermann-folket på Stødno kom i 1759 opp i ei rettsak med grannegadern Øye: Hjermann ville ha Øye-folket bort frå stølen i Oftedalen, og stengde stølsvegen med grind og to digre låsar. Men Øye-bøndene braut opp låsane og brukte stølen som dei før hadde gjort. Hjermann stemnde då grannane for retten, men tapte saka.

Grossistar i stortingsmenn

Inga slekt i fylket har hatt så mange på Stortinget som Hjermann-slekta i Lærdal: Det starta med Peder Pederson Hjermann (1754-1834) som møtte i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Sonen Per Severin Hjermann sr. vart vald til stortingsmann 1845-1848. Frå 1954 til 1961 sat Per Severin Hjermann (1891-1972) på Stortinget.

Brann og naturkatastrofar

Stødno-tunet ligg tett opp under flogbratte fjell, og fleire gonger vart både jordveg og gardshus øydelagde av fjellskred. Det hende m.a. i 1873 då mykje av jorda og frukthagen vart øydelagde av eit jordskred. Flaum i Lærdalselvi og Stødnaelvi gjorde mykje skade på garden både i 1743, 1906 og 1934.

Stødnafossen. Gardstunet på Stødno ligg nede til venstre for fossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stødnafossen. Gardstunet på Stødno ligg nede til venstre for fossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Men likevel var det gardsbrannen den 13. juli 1921 som gjorde størst skade. Då strauk både det gamle hovudhuset frå 1700-talet og det meste av innbuet der med saman med fire andre hus. Arvesølvet på den gamle storgarden fann ein att som smelta klumpar i branntufta. Berre ei sølvkanne og eit gamalt skåp vart berga.

Per Severin Person Hjermann (1891-1972) og kona Katarina (1895-1979) med borna, frå venstre Magne, Ingvard, Brita, Per og Oddmund. Privat foto.

Per Severin Person Hjermann (1891-1972) og kona Katarina (1895-1979) med borna, frå venstre Magne, Ingvard, Brita, Per og Oddmund. Privat foto.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.05.2014