Hopp til innhold
X
Innhald

Huset Telegrafen

Telegrafen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Telegrafen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

«Telegrafen» ligg idag midt i front for «sentrumstorget», og er eitt av dei største og mest staselege husa på gamle Lærdalsøyri.
Huset vart bygd som bustadhus i 1844 for handelsmann Carl Martin Pettersen (1813-1898) av snikkarmeister Johan Ludolf Lund frå Bergen. Lund bygde også Hansegarden som er omtala i Gamle bygningar i Lærdal. Han var også byggmeister for eit stort handelshus på Røneid ved Gaupne og hovudhuset på Nedre Amla i Kaupanger. Huset på Røneid er omtala i eigen artikkel under Luster kommune: Handel og gjestgiveri på Røneid.

Telegrafen vart i 1870 seld til Anton Olai Bertelesen (fødd 1836) frå Bergen. Han dreiv det som «Bertelsens Hotell» til 1876.

Lærdal Apotek heldt til i huset frå 1876 til 1940, med eit avbrot frå 1896-1900, då første etasje vart brukt til barneskule for «kondisjonerte» (sjå Skular i Lærdal). Det meste av tida frå 1900 til 1921 heldt Lærdal telegraf- og telefonstasjon med nokre avbrot til i bygget. Etter å ha leigd hos Ove Wangensten 1921-1942, kjøpte Televerket «Telegrafen» og heldt til der frå 1942.

Frå 1997 har bygget husa Lærdalsavdelinga av «Norsk Telemuseum», samt målerisamlinga som kunstnaren Hans Gjesme gav til kommunen i 1994. I år 2000 fekk Norsk Postmuseum ein «Lærdals-filial» i bygget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011