Hopp til innhold
X
Innhald

Husmenn på nåde

Seltøyni er ein av mange tidlegare husmannsplassar i Lærdal kommune. Plassen låg under garden Lysne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Seltøyni er ein av mange tidlegare husmannsplassar i Lærdal kommune. Plassen låg under garden Lysne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husmannsvesenet i dei indre sognebygdene var meir enn i andre distrikt i Sogn og Fjordane prega av pliktarbeid og harde leigevilkår for jorda. I andre lutar av fylket var det meir vanleg at det var yngre søner av gardbrukaren som fekk skilt frå hovudbruket ein husmannsplass som såkalla bygseljord. Difor vart desse oftast kalla ”bygselhusmenn”, og få av desse hadde arbeidsplikt på hovudbruket slik det var vanleg på store gardar i Lærdal og elles i Sogn.

Foret til dyra måtte hentast der det voks, og det kunne vere langt unna bruket. Her er det Jacob Natvik som fraktar heim tørrhøy til garden sin på Fodnes. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Foret til dyra måtte hentast der det voks, og det kunne vere langt unna bruket. Her er det Jacob Natvik som fraktar heim tørrhøy til garden sin på Fodnes. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Bonden hadde bukta og begge endane

Husmennene levde ofte på nåde. Ein leigekontrakt frå 1899 mellom gardbrukar Anna Andersdotter Tønjum og husmannen Anders Iverson Halabrækken er eit godt døme på dette:

"Undertegnede Anders Iversen Halabrækken leier fra i dag en Ko, Venapru kaldet, af Anna Andersdatter Tønjum, paa følgende Betingelse: 1. Koen skal fordres og røktes forsvarlig. 2. I leie betales kr. 4.00 – fire kroner- Aaret hvilket betales hvert Aars 14de April, føreste gang 14de April 1899. 3. Eieren Anna Andersdatter Tønjum forbeholder sig fuld Ret til, naarsomhelst hun maate ønske det, at hæve Leiekontrakten og tage Koen tilbage uansæt hvor kort eller længe Koen har staaet på Leie, uden noget Varsel eller Lovmaal og Dom. Nærværende Kontrakt vedtages i alle Delle af begge Parter i underskrivne Vidners Overvær".

På De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuséum får publikum sjå korleis kvardagen kunne arte seg på gardar og husmannsplassar  i Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuséum får publikum sjå korleis kvardagen kunne arte seg på gardar og husmannsplassar i Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018