Hopp til innhold
X
Innhald

Husum Hotell

Husum Hotell slik det tek seg ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husum Hotell slik det tek seg ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husum Hotell er eitt av dei best bevarte hotellanlegga i landet frå slutten av 1800-talet. Kvitmåla med sin typiske sveitsarstil vekkjer bygningane på Husum Hotell merksemd på turistruta gjennom den trange dalen.

Ordninga med skysstasjonar vart innført i 1648. Langs ruta over Filefjell vart det skipa skysstasjonar på Lærdalsøyri, Ljøsne, Blåflat, Hegg og Maristova. Men strekkja mellom Blåflat og Hegg var 28 km lang, og i 1835 vart det skipa skysstasjon på Husum, med Halvor Husum som skysskaffar og postførar. På stallen hadde Husum opptil sju hestar.

Husum Station slik det såg ut før påbygginga i 1887. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Husum Station slik det såg ut før påbygginga i 1887. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Hovudbygningen vart reist i 1857, og påbygd i 1887. Huset vart utstyrt med balkongar i typisk sveitsarstil. Det rikt dekorerte interiøret er teke vare på. Hotellet har hatt opptil 40 sengeplassar. Det såkalla kårhuset, som ligg nærast europavegen, vart bygt i 1870.

Det særmerkte hotellet har vore ein populær stoppestad for kjentfolk: Kong Oscar II, Bjørnstjerne Bjørnson, Gerhard Munthe, Edvard Grieg, kunstmålaren Thomas Fearnley, fiolinvirtuosen Ole Bull og den franske forfattaren Emile Zola har vore innom.

Like ved Husum Hotell ligg det 11 mindre gravrøyser.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011