Hopp til innhold
X
Innhald

Hytter og teltplass på Steinklepp

Nettsida til Eggum Gard.

Nettsida til Eggum Gard.

Hans Eggum bygde i 1929 utleigehytter og dreiv teltplass på Steinklepp i Borgund. Dette var ein av dei første campingplassane i heile landet. Elles dreiv Hans Eggum handel og hesteskyss, og seinare skyss med bil.

På Eggum Gard vert det framleis drive hytteutleige og camping. I 2011 er det seks hytter som er renoverte til høgstandard.

På Eggum Gard, som i 2011 er eigd av Rønnaug og Knut Johan Jansen, er det og eit gardsmuseum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.06.2011