Hopp til innhold
X
Innhald

Idretten i Lærdal

Senter for skeiseidretten

Senter for skeiseidretten

I Lærdal finn vi det største og eldste miljøet for skeiseløp i Sogn og Fjordane. Frå langt tilbake har det vore arrangert konkurransar i skeiseløp på elve- og fjordisen, og frå tidleg 1960-tal vart det lagt is på Lærdal stadion.

På 1960 og 1970-talet vart det årvisst arrangert nasjonale stemne. Lokalt var det skeisemiljøa i Sogndal, Hafslo og Veitastrond som baud på hardaste konkurransen. Erik Aarethun er den beste skeiseløparen frå Lærdal. Kring 1970 talde han i nokre år mellom dei 10 beste skeiseløparane i landet, og deltok både på junior- og seniorlandslaget. Han deltok i ni NM. I denne tida representerte han skeiseklubben på Gjøvik.

Lærdal Sykkelklubb

I den tida Erik Aarethun var på Gjøvik deltok han også mykje i sykkelløp, m.a. i NM i lagtempo. Då han flytta heim til Lærdal i 1984, skipa han Lærdal Sykkelklubb, som tel kring 100 medlemer. Fleire medlemer av Lærdal Sykkelklubb har hevda seg godt på nasjonalt nivå: Kristin Husdal, Brita Tønjum, Even Aarethun og Terje Hordnes på juniornivå og Dag Arne Helland som senior.

Lærdal Sykkelklubb arrangerte NM i landevegssykling i 1992 og junior-NM i 1995. Sidan 1984 har klubben arrangert Norsk Sykkelfestival med stor deltaking, og sykkelløpet Oslo-Lærdal går årleg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2015