Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Lærdal

Lærdølene har ein lang tradisjon som vertskap for turistar. Hotel Lindstrøm vart starta i 1845, og eit par av dei gamle hotellbygningane står framleis på Lærdalsøyri. Dette huset er kalla Kofoeden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Lærdølene har ein lang tradisjon som vertskap for turistar. Hotel Lindstrøm vart starta i 1845, og eit par av dei gamle hotellbygningane står framleis på Lærdalsøyri. Dette huset er kalla Kofoeden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Landbruk og reiseliv har vore og er framleis dei viktigaste næringane i Lærdal. I den flate dalbotnen gror det godt, og Lærdal marknadsfører seg som den grøne kommunen. Heilt sidan 1600-talet har dei teke mot losjerande både på Lærdalsøyri og på Maristuen, familien Lindstrøm har drive hotell sidan 1845. I 2013 vart Lærdal den første kommunen i verda som vart utnemnd til berekraftig reisemål.

MENYAR:

*Overnattingssstader i Lærdal *Landhandlar i Lærdal

ENKELTOMTALAR:

Ordna etter startår.

Sagbruka på Frønningen

Den første industrielle utnyttinga av lokale naturressursar i fjordbygdene var dei store, vassdrivne oppgangssagene. Nokre av dei største oppgangssagene i Sogn låg på Frønningen.

Indre Sagi på Frønningen.

Indre Sagi på Frønningen.

Sager på Buene

Også på garden Buene vestafor Frønningen har det vore minst fire sagbruk – truleg frå tidleg på 1700-talet. Tømmeret vart ført i vassrenner frå skogane i Buadalen og ned til sagene ved sjøen. Sagene i Buene hadde namna Åsasagi, Halvfarsagi, Nyborgsagi og Fremstasagi. Den siste skal vere frå 1740. I Buene vart det også bygt ei stor kai for lasting av ferdig skurlast.

Sagbruket i Erdal

På Sagøyni i Erdal var det oppgangssag alt på 1600-talet.

Oppgangssag i Vindedal

Også i Vindedal var det oppgangssag heilt frå 1600-talet.

Sagbruk på Stødno

I elva under den mektige Stødnafossen på nordsida av dalen har det vore oppgangssag heilt sidan 1600-talet.

Dei første handlande på Lærdalsøyri

Heilt sidan mellomalderen har Lærdalsøyri vore ein av dei viktigaste stadene for varebyte mellom kystfolket på Vestlandet og folk på austsida av Filefjell. Kjøpmenn som dreiv handel på Lærdalsøyri, var mellom dei rikaste i Sogn.

Tystampe på Voll

Hallstein Olsson Høverstad frå Austre Slidre bygde tystampe ved elva Kuvelda på Voll kring 1788.

Børsemakar på Lærdalsøyri

I 1834 kom Lasse Tørrisson Sinjarheim (1793-1885) frå Aurland til Lærdalsøyri og starta som børsemakar. Lærdalskompaniet var skipa i 1801 med eiegen eksersisplass like ved tettstaden, og Lasse fekk nok hovudtyngda av arbeidsoppdraga frå det militæret.

Erdal Mølle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal Mølle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal Mølle

i Erdal vart bygd i 1837 og er ei av dei eldste industriverksemder i fylket som enno i år 2009 er i drift.

Ingebrigt Ingebrigtsen

starta i 1840 bakeri på Lærdalsøyri. Han bygde då eit stort, kombinert bakeri og bustadhus der det i 1858 også vart plass til den første telegrafstasjonen i Lærdal. Huset vart frå 1903 nytta til J.J.Eris Pensjonat (sjå dette under Gjestgjevarstader i Lærdal).

Hans Breder Faye

frå Bergen (f.1811) dreiv kring 1840 eit bakeri på Lærdalsøyri. Familen budde i Lågøyna, men på grunn av brannfaren låg bakeriet til Faye litt vestanfor sentrum.

Oppskriftbok frå den første tida til apoteket i Lærdal. Foto: NRK - frå tv-reportasje.

Oppskriftbok frå den første tida til apoteket i Lærdal. Foto: NRK - frå tv-reportasje.

Lærdal Apotek

vart skipa i 1843 som det første apoteket på landsbygda i Noreg.

Fargeri på Brattegjerdet

Anders Olsson Turtnes frå Vang i Valdres starta fargeri på Brattegjerdet kring 1845. Ein reknar med at han dreiv fargeriet til kring 1860, då han flytta tilbake til Valdres. Ola Olsson Grøthe tok over fargeriet. Sonen Anders O. Grøthe var snikkar og livnærte seg m.a. som likkistesnikkar.

Lindstrøm slik det såg ut frå Øyragata før hovudbygningen til venstre vart øydelagd av brann. Foto: Mittet.

Lindstrøm slik det såg ut frå Øyragata før hovudbygningen til venstre vart øydelagd av brann. Foto: Mittet.

Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm

Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri er eitt av dei eldste og mest særprega hotellanlegga i Sogn og Fjordane. Det heile starta i 1845.

Adolph A. Troye

frå Bergen kom til Lærdalsøyri i 1848 og starta garveri og ølbryggeri med utsal av øl og vin.

Gjørtlaren på Lærdalsøyri

Ein av dei spesialiserte handverkarane som budde på Lærdalsøyri på 1800-talet, var gjørtlaren Hans Hess Hallvardson Sagøyna (1827-1872). Han kom frå Erdal og budde på Lågøyna. Ein gjørtlar er ein handverkar som støyper ulike metallgjenstandar, og Hans framstilte knappar, spenner, lysestakar og andre smågjenstandar. I 1872 drukna Hans på sjøen.

Lærdal Sparebank

vart skipa i 1861.

Indre Sogn Sparebank

i Lærdal, sjå Lærdal Sparebank og Årdal Sparebank.

Indre Sogn Sparebank på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sogn Sparebank på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sølvgruva ved Frønningen

På 1800-talet meinte ein å ha oppdaga ei sølvåre i Buadalen.

Per Gullakson

bygde bakeri ved Øyragata på Lærdalsøyri kring 1882.

Ole Kornelius Berntsen

frå Borgund på Sunnmøre starta eiga bakarforretning på Lærdalsøyri i 1882.

Lars Frugård

bakeri - sjå Ole Kornelius Berntsen.

Gullak Hovland starta skofabrikk.

Gullak Hovland starta skofabrikk.

Otto Ravn Ottosen

bakeri og kjeksfabrikk - sjå Ole Kornelius Berntsen.

Lærdalsskoen

Gullak H. Hovland frå Vadheim starta i 1886 skomakarverkstad på Lærdalsøyri, og bygde etter kvart ut ein liten fabrikk med åtte tilsette.

Lærdals præstegjelds gjensidige brandforsikrings-forening

vart skipa i 1890.

Lærdal og Borgund Branntrygdelag

- sjå Lærdals præstegjelds gjensidige brandforsikrings-forening.

Øren Meieri

på Lærdalsøyri vart bygd i 1890 etter opptak frå godseigar Tøger Ravn. Sjå «Trevaren A/S». Les meir om meieriet under eigen artikkel under Historia - Meieria i Lærdal.

Engelskkurs for turistnæringa

Ivar Dominiukusson Ødegaard (1870-1952) starta engelskkurs etter eit opphald i Amerika frå 1892 til 1895.

Ivar Ødegaard & Co

skyssfirma - sjå artikkelen Engelskkurs for turistnæringa.

Lærdals Mineralvandfabrikk heldt til i den kvite bygningen i bakgrunnen. Ved kai ligg DS ”Gudvangen”, medan den kvitmåla DS ”Hornelen” og ein annan fylkesbåt nett har lagt frå kai. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lærdals Mineralvandfabrikk heldt til i den kvite bygningen i bakgrunnen. Ved kai ligg DS ”Gudvangen”, medan den kvitmåla DS ”Hornelen” og ein annan fylkesbåt nett har lagt frå kai. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lærdals Mineralvandfabrikk

vart starta kring 1900 av Aasen og Kvigne på Urasanden bryggje ved «Habben». Her var brusfabrikken ein av fleire leigetakarar i huset på Ørnebryggja (sjå Konkurranse om rutefarten). Også starta her.

A/S Valdresruten

rutebilselskap vart skipa i 1909 av hotelleigarar frå Lærdal, Borgund og Valdres.

Borgund Sparebank

på Steinklepp vart skipa i 1916 etter opptak frå lensmann og kaptein Anders Næsset.

Indre Sogn Sparebank

på Steinklepp - sjå Borgund Sparebank.

Bakeri på Lærdalsøyri

Otto Ravn Ottesen (1885-1969) dreiv frå 1917 bakeri på Lærdalsøyri, der han først leigde eit bakeri. Seinare kjøpte han Lars Frugårds bakeri (starta på 1890-talet) og starta også kjeksfabrikk. Han leverte m.a. til Bergen, men la ned omlag då Lærdal og Borgund Produksjonslag starta sitt bakeri.

Kåre Hovland har restaurert ein av dei første bilane til Lærdal Automobilselskap. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kåre Hovland har restaurert ein av dei første bilane til Lærdal Automobilselskap. Foto: Arild Nybø, NRK.

A/S Lærdal Automobilselskap

vart skipa i 1918. A/S Gol Automobilselskap vart skipa same året, og etter kort tid fann dei to selskapa det fornuftig å samarbeide om rutene.

Gol-Lærdal-Maristubilene

– sjå A/S Lærdal Automobilselskap.

Maristuen Lastebil

– sjå A/S Lærdal Automobilselskap.

Schelderup Jansens lastebil

– sjå A/S Lærdal Automobilselskap.

A/S Beltebilene

– sjå A/S Lærdal Automobilselskap.

Sogn Billag

– sjå A/S Lærdal Automobilselskap.– sjå A/S Lærdal Automobilselskap.

Fjord1 Sogn Billag

– sjå A/S Lærdal Automobilselskap.

Trevaren A/S

trevarefabrikk på Lærdalsøyri vart starta i 1922 av Anders Aarethun, Per Lem, Severin Gullaksen og Elling Hovland.

Byggmeister på Ljøsne

Henrik P. Ljøsne starta som bygmeister i 1928 på Ljøsne, og hadde fleire store byggeoppdrag i kommunen, m.a. skulen på Ljøsne. Byggefirmaet hadde åtte tilsette.

Henrik Hallsteinsgard

frå Ål i Hallingdal bygde eit lite slakteri ved kaia i Fleskheller kring 1930. Slakteriet brann ned i 1934, og drifta vart ikkje teken opp att.

Mjøs Foto

vart starta kring 1930 av Johannes Andersson Mjøs.

Hans Jakobsen

bygde slakteri og kai i Sagøyni i Erdal i 1935.

Slakteri på Voll

Vestlandske Salslagbygde i 1935 eit slakteri på garden Voll på Tønjum.

Lærdalssko

Ingvald Bruheim starta i 1938 produksjon av Lærdalssko og beksaumstøvlar på Lærdalsøyri. Han hadde fem personar i arbeid.

Oddmund Einemo

starta som maskinentreprenør og lastebilsjåfør på Lærdalsøyri i 1939.

Einemo AS

– sjå Oddmund Einemo.

Bjarne Bækken bensinstasjon

– sjå Oddmund Einemo.

Anders Lunden.

Anders Lunden.

Anders Olsson Lunden

frå Borgund var utdanna snikkar og dreiv eiga bygningsverksemd med fire-fem tilsette frå 1940 til ut på 1960-talet. Anders Olsson Lunden var i mange år ordførar i Borgund og seinare i Lærdal.

Guri Olsdotter Nygaard

(1878-1961) starta kring 2. verdskrig ein liten kafé i Øyragata på Lærdalsøyri. Her selde ”Gulle”, som ho vart heitande på folkemunne, også mjølk og iskrem i kaféen. Ho dreiv også kransbinderi og selde blomar.

Byggmeister Olav Skogen

Olav Skogen starta i 1945 som byggmeister i Lærdal. Verksemda vart raskt eit av dei store bygningsfirma i Sogn med opptil 30 tilsette på større oppdrag, med hovudtyngda i Årdal.

Nedberge & Bøe

Kristian Nedberge starta i 1945 møbelbutikk i ei brakke ved kaia på Lærdalsøyri saman med kompanjongen Sjur Bøe under firmanamn Nedberge & Bøe. Etter kvart bygde han også ut kafe og pensjonat. Sjå Lærdal Hotel.

Lærdal Gartneri

vart starta på garden Øygarden av Bjarne og Sofie Ødegaard i 1945. Dei dreiv blomsterproduksjon og kransebinding. På garden vart det seinare starta verkstad for landbruksmaskinar av Bjarne og sonen Harald Ødegaard.

Søren Lem

og Dagfinn Bremer Øvrebø starta like etter 2. verdskrig sportsforretning på Lærdalsøyri.

Sportsbua Lærdal

- sjå Søren Lem.

Lærdals Bygningsartikkelkompani AS

vart skipa 1946 av Aslak Maristuen, Ola Kvenshagen og Dagfinn Natvik.

Lærdal Bygg

– sjå Lærdals Bygningsartikkelkompani AS.

Fretland Bygg AS

– sjå Lærdals Bygningsartikkelkompani AS.

Fretland Bygg AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fretland Bygg AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kristoffersen & Lindesteg Skomakarverkstad

i Lærdal vart skipa i 1947 av Kr. Kristoffersen og E. Lindesteg. Verksemda produserte Lærdalssko og randsydde sko og hadde tre tilsette.

Gjerpe & Linja

frå Oslo starta i 1947 røyrleggjarforretning i Lærdal, og hadde fem personar i arbeid. Seinare overtok Per Offerdal og Kjell Windedal forretninga, og dreiv fram til 1960.

Sogn Betongindustri

starta i 1947. Firmaet hadde fabrikk i Erdal og produserte bygningsblokka «Vigroblokk».

AEB Betong

- sjå Sogn Betongindustri.

AEB Betong. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

AEB Betong. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Fabrikker L/L

var ein betongvarefabrikk som vart skipa i 1948 og dreiv nokre få år, først på Lærdalsøyri og seinare på Håbakken på Tønjum. Styrar var Thomas Eri.

Sørensen Manufaktur

vart starta på Lærdalsøyri i 1949 av Gottfred Sørensen. I 1958 bygde han eige forretningsbygg. Sonen Hans og svigerdottera Lillian overtok seinare forretninga.

Lygres Gartneri. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lygres Gartneri. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lygres Gartneri

på Lærdalsøyri vart starta i 1950 av nordhordlendingen Øyvind Lygre. Gartneriet var i drift til byrjinga av 1970-talet.

Lærdal og Borgund Produksjonslag

vart starta i 1950 av dei tre samvirkelaga i Lærdal, Ljøsne og Borgund.

Ola Hansson Hansen slakteri

– sjå Lærdal og Borgund Produksjonslag.

Karsten Bækken

– sjå Lærdal og Borgund Produksjonslag.

A. A. Andersen

frå Drammen dreiv frå ca. 1950 til 1967 eit lite slakteri i Borgund. To menn frå bygda var leigde inn som slaktarar.

Andreas O. Sandnes

bygde i 1952 sagbruk og snikkarverkstad på garden sin på Strendene. Sagbruket vart seinare ein god del utvida.

Lærdal Frukt og potetlager P/L

vart bygt i 1957 på Lærdalsøyri, og var eit samvirketiltak for bønder i dalen.

Gartnerhallen Lærdal

- sjå Lærdal Frukt og potetlager P/L.

BAMA Produksjonslag

- sjå Lærdal Frukt og potetlager P/L.

Lærdal Grønt BA

- sjå Lærdal Frukt og potetlager P/L.

FK butikken Lærdal Grønt

- sjå Lærdal Frukt og potetlager P/L.

Felleskjøpet og Lærdal grønt på Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Felleskjøpet og Lærdal grønt på Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slakteri og kjøtbutikk ved Øyragata

Hans Kvigne og Aron Brunborg frå Evanger bygde i 1956 eit murhus ved Øyragata på Lærdalsøyri og starta slakteri og kjøtbutikk. Verksemda vart avvikla etter kort tid.

Sentrumsbygget, der det var slakteri nokre få år frå 1956. Foto: Kåre Hovland.

Sentrumsbygget, der det var slakteri nokre få år frå 1956. Foto: Kåre Hovland.

Maskinentreprenør Voll-Lunde

Anders Voll-Lunde på Tønjum starta som maskinentreprenør i 1958, den første tida med leigekøyring for jordbruket. Seinare er verksemda utvida med større gravemaskiner, hjullastarar og lastebilar, og har 4-5 tilsette. Sjå også Sogn Betongindustri.

Sogn Bulldozerkompani A/S

vart starta i Borgund i 1958 av Svein Hovland, Torstein Eggum og Reidar Smeby. Selskapet kjøpte den første bulldozeren i Sogn og dreiv særleg med vegarbeid, nydyrking og grøfting. I 1960 vart Svein Hovland eineeigar av firmaet og dreiv det nokre år til ved sida av gardsdrifta.

Olav Breistøl Berge

starta bensinstasjon og campingplass på garden Berge i Borgund i 1959. Han og ektemaken Ingeborg dreiv campingplassen og bensinstasjonen ved sida av gardsdrifta til 1968.

Grønsberg & Sønner A/S

røyrleggjarforretning vart skipa i Aurland i 1955 av Ivar Grønsberg, som flytta verksemda til Lærdal i 1963. Verksemda hadde i 2007 10 tilsette og ei omsetning på 14 millionar kroner. Verksemda har avdeling i Aurland og arbeidsoppdrag i Indre Sogn, Voss, Hallingdal og Valdres.

På Steinklepp var det bensinstasjon til 1990. No er det ikkje bensinstasjonar mellom Lærdalsøyri og Tyinkrysset på Filefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Steinklepp var det bensinstasjon til 1990. No er det ikkje bensinstasjonar mellom Lærdalsøyri og Tyinkrysset på Filefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilverkstad på Steinklepp

Ottar Sprakehaug bygde i 1965 verkstad og bensinstasjon på Steinklepp i Borgund, og hadde også bilbergingsteneste. Verksemda la ned i 1990.

Oskar Brugrand

starta transport- og maskinentreprenørforretning på Ljøsne i 1965.

Nosyko AS

vart skipa i Lærdal i 1970 av Rolf Jerving jr.

BAMA Produksjonslag

– sjå Lærdal Frukt og potetlager P/L.

Knut Raa

starta på 1970-talet maskinentreprenørfirma og transportforretning.

Bergen & Drægni Produkter AS

bygde i 1979 ein stor konservesfabrikk på Lærdalsøyri.

Sunco/Heistad

- sjå Bergen & Drægni Produkter AS.

Lerum Fabrikker AS

- Avd retur/lager - sjå Bergen & Drægni Produkter AS.

Lerum si avdeling i Lærdal, tidlegare Bergen & Drægni Produkter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lerum si avdeling i Lærdal, tidlegare Bergen & Drægni Produkter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Opplysningen 1881

Telefonstasjonen i Lærdal vart automatisert i 1978. For å skaffe arbeid til dei mange som vart ledige etter automatiseringa, la Televerket (seinare Telenor) ein ny nummeropplysningssentral til Lærdal. Denne tenesta fekk seinare namnet Opplysningen 1881. I 2011 hadde avdelinga i Lærdal 52 tilsette, men då vart talet på tilsette redusert til 31. Året etter, i 2012, vedtok Opplysningen 1881 å leggje ned avdelinga i Lærdal, og 28 tilsette miste arbeidet.

Fotomontasje frå Opplysningen 1881 i Lærdal i 2011. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Fotomontasje frå Opplysningen 1881 i Lærdal i 2011. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Lærdal og Amble Gartneri

vart starta på Lærdalsøyri i 1979 av Bjarne og Borghild Bratteteig. Sonen Øystein tok over i 1981 og driv blomsterbutikken Blomsterbui.

Blomsterbui

– sjå Lærdal og Amble Gartneri.

Torvblokkproduksjon

Gunnar O. Ødegård starta i 1980 grasfrøproduksjon på garden sin på Øygarden

Lærdal Installasjonsservice AS

vart starta i 1981 av Svein Inge Molde og broren Jarle Molde.

West Maskin

vart skipa i 1981 av Bjarne Brækken. Verksemda driv mekanisk verkstad på Håbakken og har spesialisert seg på karosseri-arbeid. Verksemda er seinare overteken av sonen Olav Brækken Natvik.

Ringstad Gartneri

på Rikheim vart bygt i 1984 av Iren og Arne O. Sanden. Dei driv planteproduksjon i tillegg til grønsakproduksjon på friland.

E-bo Ineriør og Brukskunst held til i dette forretningsbygget som er reist av Molde Invest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

E-bo Ineriør og Brukskunst held til i dette forretningsbygget som er reist av Molde Invest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

E-bo Interiør og Brukskunst

vart starta på Lærdalsøyri i 1985 av Ellen Kristin Westlie. I 1993 bytte butikken namn til E-Bo Julehus, men gjekk seinare tilbake til det opphavelege firmanamnet. Dei første åra hadde butikken lokale i Trevaren, men har sidan flytta til Øyraplassen.

Statens vegmeldingssentral

vart etablert på Lærdalsøyri i 1991/92.

Lærdalsmat A/S

vart skipa i 1992 av Kjell Tore Grøthe.

Lærdalsmat Sognefjord Gourmet AS

- sjå Lærdalsmat A/S.

Lyngset Skogservice DA

vart skipa på Frønningen i 1994 av Reidar og Agnar Lyngset. Dei driv som skogsentreprenørar og har eige mobilt sagbruk. Lynset Skogservice driv også linjeryddig.

Per Åke Evjestad

starta sportsforretning på Lærdalsøyri i 1995. I dei same lokala hadde m.a. eit bakeri og Mjøs Foto med fotograforretning og suvenirbutikk halde til tidlegare. Eigarar av Mjøs Foto var Toralv og Kirsti Melheim.

Lærdal Plastindustri AS

var ei plastbedrift som vart starta på Grandane på Lærdalsøyri i 1995 av Ludvig Sandnes. Verksemda framstilte plastfolie til matevareindustrien og hadde opp til seks tilsette. Eit uheldig maskinkjøp gjorde at plastindustrien fekk økonomiske problem og vart slegen konkurs i 1999.

Fagernes Ledelse og Rådgivning AS

vart skipa i Lærdal i 1996 av Vebjørn Fagernes (f. 1940) frå Tysfjord. Han hadde tidlegare arbeidd med leiarutvikling ved Universitetet i Tromsø der han var assisterande direktør og kst. direktør ei tid før han busette seg i Lærdal og skipa eige firma.

Titten Tei

klesforretning vart opna i 1995 av Ranveig Skårheim i Hjørdis Lem-huset. Frå 1997 har butikken halde til i gamle samvirkelaget.

Frønningen Skog

vart starta på Frønningen av skogeigar Vilhelm Rumohr i 1997.

Lærdal Entreprenør AS

vart skipa i 1997.

Etter at postopneriet på Borgund vart lagt ned i 1997 vart huset bygt om til pub med namnet Postaabneriet Pub & Café. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter at postopneriet på Borgund vart lagt ned i 1997 vart huset bygt om til pub med namnet Postaabneriet Pub & Café. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Postaabneriet Pub & Café

på Borgund vart opna i 1998 av fem privatpersonar, som betalte 5000 kroner for det tidlegare postopneriet. Fram til 2012 dreiv dei serveringsstaden på dugnad. I 2012 vart staden overdregen – for 5000 kroner – til ei ny gruppe.

Frønningen Skjel AS

vart skipa i 1998 av 10 lokale aksjonærar og har drive blåskjeloppdrett ved innløpet til Aurlandsfjorden.

Laksen Pub og Restaurant på Norsk Villakssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Laksen Pub og Restaurant på Norsk Villakssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Laksen Pub & Restaurant AS

vart starta av Kjell Grøthe i Norsk Villakssenter på Lærdalsøyri i 2000. Sjå elles Lærdalsmat A/S.

Haabakken AS

gatekjøkken og trailerrasteplass på Tønjum vart opna i 2003.

Slinde Transport AS

starta i 2012 bygginga av ein stor godsterminal på Håbakken. Den stod ferdig i 2013, også transportverksemda Schenker har fått plass der. Les meir i artikkelen Slinde Transport AS under Sogndal.

Terminalen til Slinde Transport og Schenker på Håbakken i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Terminalen til Slinde Transport og Schenker på Håbakken i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Statens vegvesen

la i 2014 ei avdeling som gir transportløyve, Nasjonal løyveeining, til Lærdal. Avdelinga kjem i drift frå 1. januar 2015 med seks tilsette. I framtida kan dette bli auka til 20 tilsette. Nasjonal løyveeining får lokale der Opplysningen 1881 heldt til.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015