Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Aasen i Lærdal og Sogn

Ivar Aasen.

Ivar Aasen.

Språkgranskaren Ivar Aasen frå Ørsta vitja Sogn fleire gonger då han samla dialektmateriale til det nynorske skriftspråket.

Kartskissa som Ivar Aasen lag over ”Leirdalsøren”.

Kartskissa som Ivar Aasen lag over ”Leirdalsøren”.

Første gong var i 1842, då han budde på Lærdalsøyri i 10 dagar i marknadstida. Han hadde då reist over Naustdal i Eid, gjennom Gloppen, Førde og til Klævold. Derfrå fekk han båtskyss inn Sognefjorden. Etter opphaldet på Lærdalsøyri gjorde han ein sving innom Ornes og Kroken i Luster, før han i fire månader hadde Sogndalsfjøra som base for studiane av folkemålet i Sognebygdene.

Etter opphaldet i Sogndal, reiste Ivar Aasen utover Sognefjorden og hadde stopp i Vik, Lavik og Eivindvik. Han gav ut den nynorske gramatikken i 1848 og ordboka 1850.

Også i 1852 stoggar Aasen på Lærdalsøyri på veg til Voss og Bergen, og på denne ferda er han også i Hyllestad, Askvoll og Fjaler. Den siste «Sogneferda» gjer Ivar Aasen i 1855.

Frå Valdres kjem han til Lærdal, derfrå til Gaupne, opp Jostedalen, og vidare over Jostedalsbreen til Greidung i Stryn.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011