Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Lund

Jakob Lund (1724-?) frå Orkdal, busett i Lærdal. Sokneprest og koppevaksinatør. Han var son til ein militær feltskjer i Trøndelag og vart student frå Trondhjems Skole i 1743. Etter eksamen studerte han ei tid medisin før han gjekk over på teologistudiet og tok presteeksamen i 1745. Var deretter prest på Byneset i Trondheim før han vart sokneprest i Lærdal i 1763-1766. Deretter vart han sokneprest i Kragerø.

Det vert hevda at Jakob Lund var den første i Bergens Stift som lærde seg kunsten ”å setje koppar” – d.v.s. å utføre vaksinasjon på friske menneske ved å overføre innfisert vev frå såra på koppesjuke pasientar og til eit hudrisp på den som skulle vaksinerast. Koppevaksinasjonen var den første vaksinasjonstypen som vart innført i Noreg.

Lund vart m.a. invitert til Bergen av kirurg Hochkirchen for å rettleie han i å pode koppar på 50 born i byen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009