Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Henrik Nitter Hansen

Jan Henrik Nitter Hansen (1801-1879) fødd på Døsen i Luster og son av gjestgjevaren Tøger Hansen på Øyri. Hansen var den største handelsmannen og jordeigaren på Lærdalsøyri, ordførar i Lærdal 1844-1845 og 1848-1857, og sparebankdirektør. Han kjøpte også seglskuter og dreiv handel mellom Lofoten og landa kring Østersjøen.

Hansen kjøpte store deler av Lærdalsøyri på auksjon i 1828, og bygde også bustadhuset Hansegarden (sjå denne nedst under «Gamle bygningar i Lærdal») i 1840, eit hus som er freda og restaurert. Tok i 1839 saman med sokneprest Nils Rosing Bull initiativet til at Lærdalsøyri måtte få bystatus. Dei fekk utarbeidd ein stor reguleringsplan, der tettstaden skulle byggjast ut i «kvadraturar» (sjå: «Plan om by på Lærdalsøyri»).

Var med i leiinga av Det Nyttige Selskabs vestlandsavdeling (forløparen til Norges Vel).

Medskipar av Fylkesbaatane (sjå Michael Conrad Sophus Emil Aubert og «Skiping av Fylkesbaatane»). Vararepresentant til Stortinget 1851 og 1854.

Far til Tøger Ravn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011