Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Olav Fretland

Jan Olav Fretland er fagbokforfattar og dosent i norskdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet. Han har vore rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har vore sentral i arbeidet med norsk språkrøkt gjennom tre tiår, mellom anna som styreleiar i Norsk språkråd og styremedlem i Nynorsk kultursentrum.

Jan Olav Fretland er fødd 4. juli 1950 i Lærdal, der han òg er busett i dag. Han vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1977, der han skreiv hovudoppgåva Avismål i Midtre og Indre Sogn. Ei undersøking av skriftmålsutviklinga i leiarar og lesarinnlegg i perioden 1901–71.

Etter å ha teke pedagogisk seminar i 1980 underviste Fretland i nokre år, før han i perioden 1988 til 1991 var kultursjef i Lærdal kommune. I 1991 vart han førsteamanuensis i norsk ved Sogndal lærarhøgskule, og i 1994 vart han den første rektoren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane – ei stilling han hadde til 2000. I 2015 vart Fretland utnemnd til dosent i norskdidaktikk. Han har sete i høgskulestyret i fire periodar, og frå 2017 var han programansvarleg for den nye grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Han har elles hatt ei mengd verv innanfor universitets- og høgskulesektoren, mellom anna som rådsleiar for Nasjonal forskarskule for lærarutdanning og styreleiar for Noregsuniversitetet.

Fretland har også hatt ei rekkje tillitsverv i tilknyting til målsak, språkrøkt og kultur generelt. I perioden 2000–2004 var han leiar/nestleiar i Norsk språkråd. Vidare var han styremedlem i interimsstyret og styret for Språkrådet frå 2004 til 2010. Frå 2002 til 2005 var han varamedlem i Kringkastingsrådet. Vidare sat han i arbeidsutvalet for Ivar Aasen-stiftinga i 1993–97, i brukargruppa for Ivar Aasen-tunet i 1996–2000 og i dokumentasjonsgruppa for Ivar Aasen-tunet i 1996–2000, der han var leiar.

Fretland har hatt mange verv i målrørsla, og frå 1993 til 1994 var han leiar i Noregs Mållag. Han har òg vore kommunestyrerepresentant i Lærdal for SV i to periodar og fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane i 2011–15, der han var nestleiar i kulturutvalet. Frå 2013 til 2015 var han leiar i Nynorskfylket, eit nettverk for meir bruk av nynorsk i Sogn og Fjordane.

Fretland har gitt ut ei rad med artiklar og bøker om norsk språk, frå handbøker i nynorsk til bøker om forsking på stoda for norsk språk. Ei bok som har gått i store opplag, er undervisningsboka På saklista. Nynorsk språkbruk i statsforvaltninga, som vert brukt på nynorskkurs for offentleg tilsette over heile landet. Fretland har sjølv halde ei mengd slike kurs, og gjennom hans initiativ har Høgskulen på Vestlandet eit tilbod om nynorskkurs for offentleg tilsette.

I 1996 fekk Fretland den første Ivar Aasen-prisen, for arbeidet med Aasen-tunet og arbeidet med nynorsk i offentleg forvaltning. Han fekk også Fortidsminneforeningens heidersnål for arbeidet som prosjektleiar for Besøkssenteret til Borgund stavkyrkje.



Kjelder

E-postar frå Jan Olav Fretland 7.12.2018 og 11.12.2018

Jan Olav Fretland: CV

 

Ottar Grepstad ofl.: Den store ideen. Personane, dokumenta, forteljingane 1993–2018. Jubileumsskrift for Nynorsk kultursentrum. Ørsta 2018

 

Høgskulen på Vestlandet: «Dosent Jan Olav Fretland», hvl.no: https://www.hvl.no/person/?user=2400070 [lesedato 6.12.2018]

NRK: «Medlemmer Kringkastingsrådet», nrk.no: https://www.nrk.no/informasjon/medlemmer-kringkastingsradet-1.13527445 [lesedato 6.12.2018]

Noralv Pedersen: «Det ukjente dramaet om høgskulen i vest», nrk.no: https://www.nrk.no/sognogfjordane/xl/det-ukjente-dramaet-om-hogskulen-i-vest-1.13266718 [lesedato 6.12.2018]

Språkrådet: «Styre 2006–2010», sprakradet.no: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Om-oss/Styre/Styre-20062010/ [lesedato 6.12.2018]

 

Peikarar

Forskarprofil for Jan Olav Fretland, wo.cristin.no

Språkrådet: «Historikk», sprakradet.no


Sist oppdatert: 09.05.2019