Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Rumohr

Jan (Johan) Clausson Rumohr (1818-1889) Oppfostra i Bergen, busett på Rikheim.

Jan (Johan) Clausson Rumohr (1818-1889) Oppfostra i Bergen, busett på Rikheim.

Offiser og eigar av storgarden Rikheim, som han overtok etter faren Claus von Munthe av Morgenstierne Pederson Rumohr i 1844. Faren Claus og ektemaken Marie f. Lem var barnlause, og med Marie sitt samtykke fekk Claus to born med Maria Nilsdotter Tønjum. Ein av desse var Jan som formelt vart adoptert av faren Claus i 1824.

Han vart i 1854 kaptein og seinare sjef for Lærdalskompaniet.

Ei tid pakta han bort Rikheim. Han planta frukthage og dyrka mykje jord, og bygde m.a. den store låvebygningen med tre etasjar med innkøyring.

Rumohr var ein av skiparane av Lærdal Sparebank i 1860, og han var ordførar i kommunen i 10 år.

Jan Rumohr var gift to gonger med kvinner frå Lem-slekta på godset Frønningen, og overtok også Frønningen-godset då svogeren Hans Lem døydde barnlaus. Heilt frå 1769 var det dessutan slektsband mellom Rumohr på Rikheim og Lem-folket på Frønningen. Jan Rumohr sette son nr. to, Bjarnhard Janson Rumohr (1858-1939), til å styre Frønningen. (Bjarnhard er bestefar til kunstnaren Knut Rumohr).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011