Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Hauge

Jens Hauge fødd 1953 i Lærdal. Fotograf som m.a. har nytta mykje kulturlandskap og landskap i Lærdal i kunstfotografia sine.

Jens Hauge fødd 1953 i Lærdal. Fotograf som m.a. har nytta mykje kulturlandskap og landskap i Lærdal i kunstfotografia sine.

Hauge har sidan midten av 1970-talet delteke i ei rad kollektivutstillingar, m.a. fleire gonger på Statens haustutstilling, og stilt ut på Henie Onstad Kunstsenter, Vestlandsutstillinga og Distriktsutstillinga. Har hatt separatutstillingar i ei mengd kunstgalleri i Noreg, og har hatt separatutstillingar i USA og Polen.

Innkjøpt av Norsk Kulturråd, Henie Onstad Kunstsenter, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Robert Meyers Samlinger, Olav Løkkes Samlinger, Bergen Billedgalleri, Billedsamlingen UiB og Stortinget.

Har m.a. hatt utsmykkingsoppdrag for sjukehuset i Lærdal og postgarden i Sogndal. Samarbeidde i 1988 med tre andre fotografar om boka «Norsk Landskap» (Dreyer), og med forfatteren Hermann Starheimsæter om «Steinskuggar» (Samlaget 1991).

I 2012 gav Skald forlag (sjå dette) ut boka ”Jens Hauge – menneske og natur” av Ingrid Norum.

Gift med Bente Øien Hauge.

Landskap med mur 2007 av Jens Hauge.

Landskap med mur 2007 av Jens Hauge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.08.2012